Frå måndag 3. oktober får Bybanen avgangar kvart 5. minutt i rusjtida morgon og kveld. Fanavegen som har vore stengt i samband med bygginga av bybanen Nesttun-Lagunen, opnar også att. Og same dag vert busshaldeplassen i sørgåande retning ved Nesttun terminal mellombels stengt.
Ruteomlegging
Måndag 3. oktober 2011 vert det ei stor ruteomlegging i Bergen. Kollektivtilbodet vil då i hovudsak vera bygd opp av stamlinjer. Dei får stor kapasitet og hyppige avgangar i dei større områda. Tverrgåande linjer vil gå mellom bydelane, og det vert lokale linjer ute i bydelane.
Ruteomlegginga i Bergen får også litt innverknad på ruter i enkelte område utanfor Bergen.
Meir informasjon om ruteendinga 3. oktober på skyss.no

Frå måndag 3. oktober vert nordre del av Bergen busstasjon stengt for ombygging. Bussavgangane vert då frå terminalen i søre del av stasjonen, dvs. seia sør for bybanesporet.
Bergen busstasjon
Hordaland fylkeskommune skal byggja om og fornya Bergen busstasjon. Terminal nord, den del av busstasjonen som er nærast Bergen storsenter vert stengt frå måndag 3. oktober. Bussavgangane vert frå same dag flytta til den del av busstasjon som ligg sør for bybanesporet. Ein del bussar vil som no gå frå utsida av busstasjonen (i Fjøsangerveien).
Meir informasjon om ombygging av Bergen busstastjon
Perrongoversikt for terminal sør Bergen busstasjon frå 3. oktober
Bybanen vil gå kvart 5. minutt
Bybanen får avgangar kvart 5. minutt i rusjtida måndag-fredag. Rusjtidperioden frå Nesttun om morgonen vert utvida og vert frå kl. 06.23 til kl 09.33 (tidlegare kl 09.00). Rusjtidperioden frå Byparken om ettermiddagen vert utvida og vert i tida kl. 13.30-17.00.
Fanavegen og Nesttun terminal
Fanavegen opnar for trafikk måndag 3. oktober.
I samband med utbygginga av Bybanen vil busshaldeplassen i sørgåande retning på Nesttun terminal bli stengt frå og med måndag 3. oktober. Reisande må nytte mellombels haldeplass ved parkeringshuset i Nesttunvegen. Arbeidet på Nesttun terminal vil pågå i 2-3 månader.