Haukås bussanlegg opna

Haukås bussanlegg er ein ny merkestein i fornyinga av kollektivtrafikken i Hordaland, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna anlegget i Åsane 23. september 2011.

– Haukås bussanlegg er ein viktig del av og føresetnad for dei to store busspakkene, Bergen nord og Bergen sentrum, som vi skal setja i gang måndag 3. oktober. Tide Buss AS som har fått tildelt desse rutepakkene, skal ha anlegget som sin base. Det store sjåførkorpset som trengst, får her gode fasilitetar både for seg sjølv og bussane. Anlegget har kapasitet til å vera base for over 400 sjåførar, sa fylkesordføraren.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er svært godt nøgd med det nye bussanlegget på Haukås. Saman med henne framfor nybygget er eigedomssjef Helge Haavardtun (t.v.), prosjektleiar Ivar Hjelland (Eigedomsseksjonen) og fylkesrådmann Paul M. Nilsen.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er svært godt nøgd med det nye bussanlegget på Haukås. Saman med henne framfor nybygget er eigedomssjef Helge Haavardtun (t.v.), prosjektleiar Ivar Hjelland (Eigedomsseksjonen) og fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Stor investering

Hordaland fylkeskommune har investert ca. 180 mill. kr i bygginga av Haukås bussanlegg. På den ca. 40 mål store tomta som er bygd ut er det reist ein bygning på ca. 4000 kvm. På området er det parkeringsplass til 164 bussar og 100 personbilar. Bygningen har tre hovudfunksjonar: Kontor og sjåførfasilitetar, vaskehall og verkstad. Tide Buss AS som er operatør for Bergen nord og sentrum dei komande sju åra, skal ha administrasjonslokala sine her.

Tide Buss

Tide Buss AS kjem til å ha bortimot 250 personar som har arbeidsplassen sin knytt til bussanlegget på Haukås. Dei fleste av dei sjåførar, men også kontorpersonale og verkstadarbeidarar.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna bussanlegget på Haukås med snorklipping ved vaskehallen. Eigedomssjef Helge Haavardtun assisterte.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna bussanlegget på Haukås med snorklipping ved vaskehallen. Eigedomssjef Helge Haavardtun assisterte.

Omfattande fornying

I talen sin trekte fylkesordføraren fram at omlegginga til anbodsdrift har hatt positiv effekt både for dei reisande og miljøet. – Vi har fått ei fornying av bussparken – med ca. 800 nye bussar. Desse bussane er langt meir miljøvenlege med vesentleg mindre utslepp av t.d. NOx. Ein del av bussane nyttar også miljøvenleg gass som drivstoff. Alle er universelt utforma med lett tilgjenge for dei fleste av oss.

Vi har i same perioden investert om lag 500 mill. kr i bussanlegg og terminalar. Ved sida av anlegget her i Åsane har vi kjøpt eller leiger tilsvarande anlegg i dei andre ruteområda.

Meir kjem

Vi har oppgradert og bygd ut terminalane i Knarvik, Åsane og Loddefjord for ca. 30 mill. kr. Og litt ut i oktober går vi i gang med den store fornyinga av Busstasjonen i Bergen – eit prosjekt til 180 mill. kr som i hovudsak skal finansierast over Bergensprogrammet. Dette er ei sårt tiltrengt fornying som skal gje oss eitt flott nytt stasjonsområde hausten 2012.

Gledeleg vekst

Det gledeleg å sjå at talet på kollektivreisande aukar. Ein heilt fersk prognose tyder på at vi kan få ein vekst på 6 % frå i fjor, ein vekst frå eitt år til neste som er den største vi har hatt.

¬— Vi har fått eit flott bussanlegg med fargesetjing av bygningen som er godt tilpassa omgjevnadene, sa fylkesordføraren ved opninga.
— Vi har fått eit flott bussanlegg med fargesetjing av bygningen som er godt tilpassa omgjevnadene, sa fylkesordføraren ved opninga.

Fakta om Haukås bussanlegg

Haukås bussanlegg ligg i Haukås næringspark, Nordre Brurås 43


• Tomta for bussanlegget er på ca. 40 mål, av dette er ca. 33 mål asfaltert
  (Fylkeskommunen har kjøpt tomt som i alt er på 76 mål, ca. 30 mål er førebels ikkje disponert)
• Det er sprengt ut 250 000 kbm. fjell som er flytta, fylt opp og planert.
Av dette er 100 000 kbm. mellombels lagra og vert no knust og kjørt vekk
• Parkeringsplass for 164 bussar og 100 personbilar, av dei 8 plassar for elbilar
• Det er bygd ca. 650 m tilførselsveg frå E39

Anlegget på Haukås har ein stor verkstadhall med plass til i alt åtte leddbussar.
Anlegget på Haukås har ein stor verkstadhall med plass til i alt åtte leddbussar.

Bygning på ca. 4000 kvm bruttoareal


• Tre hovudfunksjonar: Kontor og sjåførfasilitetar, vaskehall og verkstad
• Administrasjonslokale
• Garderobar og spiserom for sjåførar (kapasitet til at over 400 sjåførarar kan ha anlegget som base)
• Vaskeanlegg
• Tankanlegg for diesel, smøreolje og spillolje
• Verkstad med plass til 8 leddbussar
• Ved vaskeanlegget er det eigne sosialrom for dei som arbeider der
• Ved verkstaden er det kontor, lager, garderobar og spiserom

Kostnad for anlegget:

180 mill. kr inkludert del av tomtekostnad og tilførselsveg

Tomtearbeid utført av Leif Turlid AS
Totalentreprise bygg og uteområde utført av Sognnes Bygg AS

Stanley Hauge 23.09.2011 16:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart