Bybanen kvart 5. minutt frå 3. oktober

Frå 3. oktober får Bybanen i Bergen avgangar kvart 5. minutt i rusjtida. Talet på avgangar aukar då frå 10 til 12 i timen i begge retningar, ein kapasitetsauke på 20 %.

– Det er svært gledeleg at talet på reisande med Bybanen er så høgt at det er behov for å auka kapasiteten, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

– Det er dei nye vognsetta som vi får levert i haust, det første kjem 19. september, som gjer det mogleg for oss å auka kapasiteten med 800 plassar i timen frå 3. oktober.

Vi får i alt 24 avgangar i timen, 12 i kvar retning, i rusjtida og kan då frakta 4800 passasjerar kvar time.

Omleggingar

3. oktober vert det også nytt ruteopplegg for bussane i Bergen sentrum og Bergen nord, då bussanboda i desse områda vert sette i verk. Hordaland fylkeskommune ved Skyss legg opp til grundig informasjon om omleggingane og det nye rutetilbodet.

Rutetider for Bybanen

Stanley Hauge 01.09.2011 14:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart