Vil kutta «Statens» i vegvesenet

Hordaland fylkeskommune bør ta initiativ til å få endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet, føreslo Harald Hove (V) då fylkestinget for perioden 2007-11 hadde siste møtet sitt 18. oktober.

Hove trekte fram at etter forvaltingsreforma per 1.1.2010 er storparten av riksvegane no fylkeskommunale. Statens vegvesen er i dag såkalla sams vegadministrasjon for staten og fylkeskommunane.

Harald Hove (V) meiner det er på tide å endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet.

Når no storparten av vegane er fylkeskommunale, så er det god grunn til å døypa om den store etaten til berre «Vegvesenet», meinte Hove.

Fylkestinget tok ikkje stilling til innhaldet i forslaget frå Hove, men vedtok samrøystes å senda det over til samferdselsutvalet og fylkesutvalet. Saka går dermed til desse utvala i den nye valperioden 2011-15 – som nett er starta.

Harald Hove (V) meiner det er på tide å endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet.

Stanley Hauge 28.10.2011 11:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart