
Det er lagt fram tre ulike trasear for Bybanen vidare frå Byparken til Åsane. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Prioritert satsing
Utvalet har handsama forslaget til planprogram for den vidare utbygginga av Bybanen frå Bergen sentrum til Åsane og konkluderer med at Bybanen er ei regionalt prioritert satsing og eit viktig tilskot til effektiv og miljøvenleg transport i Bergen.
Høg fart og høg frekvens
I tillegg til lange perrongar for lengre vogner og mest mogeleg rette strekningar, gjerne i tunnel, vil utvalet i minst mogeleg grad ha annan trafikk i traseen, slik at det er mogeleg med høg fart utan å risikere ulukker. Utvalet vil og ha høg frekvens i rushtida.
Tre alternativ
Det er lagt fram tre alternativ til trase. Frå Kaigaten går alternativ ein: Christies gate-Småstrandgaten-Torget, alternativ to: Christies gate-Vågsallmenningen-Torget og alternativ tre: Starvhusgaten-Torgallmenningen-Torget.
Over Bryggen eller i tunnel?
Utover Bryggen går alternativ ein: yttarst på Bryggen-Sandbrogaten, tunnel til Slaktehustomten, alternativ to: innerst (fasadesiden) på Bryggen-Koengen, tunnel til Slaktehustomten og alternativ tre: tunnelinnslag i Finnegårdsgaten ved Kjøttbasaren og Finnegården og tunnel til Slaktehustomten.
Endehaldeplass i Åsane
Utvalet tek ikkje stilling til traseval, men er samd i at det skal arbeidast vidare med desse tre. I tillegg ønskjer utvalet om vurdering av alternativ som skapar mindre følgjer for kjerneområda i middelalderbyen, og alternativ for endehaldeplass i Åsane. Endehaldeplassen er viktig for den vidare byutviklinga i Åsane.
Ta omsyn til kulturminne
Utvalet viser vidare til at det er vesentlege manglar om kulturminne i forslaget til planprogram. Omsyn til og vurdering av nasjonale kulturminneverdiar, herunder Middelalderbyen Bergen, er ikkje tilstrekkeleg omtala.
Akseptable løysingar
Utvalet peikar på at konsekvensutgreiinga må klargjere eventuelle konfliktar og konsekvensar for kulturminneverdiar. Om ein ikkje kjem fram til akseptable løysingar for kulturminneverdiane, kan nokre av alternativa utløyse motsegn.
Rask framdrift
Utvalet ser behovet for rask framdrift i plan- og utbyggingsarbeidet for Bybanen. Reguleringsplan kan bidra til rask gjennomføring om det blir gjort tilstrekkeleg alternativvurdering som blir vurdert i eit overordna perspektiv.
Langs E39?
Utvalet ber og om at ei løysing som inkluderer E39 blir utgreidd vidare før ein tek stilling til om alternativet bør inngå i reguleringsprosessen.
Framkomst for buss og sykkel
Utvalet ber om at gode transportbytepunkt, innfartsparkering og oppgradering av vegnett for å sikra framkomst for buss og sykkel blir grundig omhandla i planen.
Vedtak frå møtet i kultur- og ressursutvalet tysdag 11. oktober 2011 (pdf)