Korleis skal vi spare straum og erstatte miljøskadeleg oljefyring med klimavennleg varme. Onsdag 19. oktober kl. 19-21 blir det gratis informasjonsmøte i Forum kino på Danmarks plass.
Møtet er for alle som lurer på korleis dei bør gå fram for å spare energi og bytte frå fossil til fornybar oppvarming heime eller på jobben. På møtet får du praktiske råd om kva tiltak som er best for å redusere energiforbruket og klimagassutsleppa i ulike bustader, informasjon om støtteordningar og regelverk, i tillegg til at du kan snakke med fleire leverandørar som kan hjelpe deg i gang.
Påmelding på www.oljefri.no/delta
Møtet er gratis og ope for alle. Det blir skipa til av Bergen kommune og Oljefri.no, eit klimaprosjekt drive av Naturvernforbundet med støtte frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, BKK, Fjell kommune, og lokale leverandørar.
Program for møtet (pdf)