
Tom Potter, teknisk sjef Bybanen, vel heime i Bergen med prisen for beste bybane i verda, omkransa av Carl Erik Nielsen, administrerande direktør for Bybanen (t.v.) og Jostein Fjærestad, prosjektdirektør for Bybanen utbygging. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)
Konkurrerte mot tre byar i USA, Europa og Australia
Bybanen i Bergen konkurrerte mot bybanane i Dallas, USA, Angers i Frankrike og Gold Coast i Australia. Bybanen gjekk til topps mellom anna fordi juryen uttalar at ”dette fantastiske systemet er modell for utvikling av bybaner over heile verda”.
Heider til alle som har jobba med Bybanen
Administrerande direktør i Bybanen, Carl Erik Nielsen, er svært stolt over prisen.
– Dette er ein heider til alle som i mange år har jobba med Bybanen. Det har vore eit langt løp fram til her vi er i dag. Alle som har jobba med Bybanen, skal ha ære, seier Nielsen.

Teknisk sjef i Bybanen, Tom Potter, tok imot prisen onsdag kveld i London av den engelske transportministeren, Norman Baker (t.h.). Til venstre BBC sin ekspert på samferdsel, Nicholas Owen og Howard Johnston i organisasjonen som står bak prisen, Tramways & Urban Transit.
Svært glad
Teknisk sjef Tom Potter seier at dei fekk signal på førehand om at Bybanen ville få ein pris.
– Vi visste ikkje kva pris det ville bli, om vi gjekk heilt til topps eller skulle få heiderleg omtale. Vi er svært glad for at vi gjekk heilt til topps, i sterkt konkurranse med desse tre andre byane, seier Potter.
Imponert
Bybanen i Bergen er kjent verda over, og det kjem mange delegasjonar hit.
– Vi har fått svært mange positive tilbakemeldingar. Dei som kjem hit, blir imponert over det vi har fått til. Men vi er på ingen måte perfekt. Det er alltid noko vi kan gjere betre, og vi held heile tida på med å forbetre oss, seier Potter.
Dette er prisen Bybanen har vunne.
Eit landemerke
Juryen seier om Bybanen at ”effektiv design og planlegging gjorde at Bybanen vart realisert på to år, innafor tidsfristen og budsjettet. Og tal passasjerar har alt passert alle prognosar. Men meir viktig: Bybanen er blitt eit landemerke for regionen”.
Slik skal ein Bybane byggjast
BBC sin ekspert på samferdsel, Nicholas Owen var vert for prisutdelinga.
– Om de trur at det er vanskeleg å byggje ein ny bybane nær der folk bur, bør de reise til Noreg. Mange barrierar stod i vegen for Bybanen. Først politikken, så planlegging, så pengar og det var til og med argument mot namna på Bybanestoppa. Nå er første byggjesteg ferdig og arbeidet med vidare utbygging er alt i gang. Det er slik ein bybane skal byggjast! sa Nicholas Owen under prisutdelinga før Tom Potter kom opp på scena og tok imot prisen.
200 inviterte gjester
Meir enn 200 inviterte gjester var til stades under prisutdelinga av The Light Rail Awards 2011 og middagen onsdag kveld på The Honourable Artillery Company i London. Bybanen vann prisen ”Worldwide project of the year”.