Målet med denne takstpolitikken er å stimulera til auka kortbruk og å redusera talet på kjøp av enkeltbillettar. Dette går fram av fylkesrådmannen sitt budsjettforslag for 2012.
Kortpris som i dag
Takstane for kjøp av enkeltbillett betalt kontant aukar frå kr 25 til kr 27 i minstetakstsona og tilsvarande for høgare takstsoner. Men passasjerane kan unngå dette takstpåslaget ved å nytta Skysskortet, då vert prisen på enkeltreise i minstetakstsona – kr 20,80 som i dag.
Prisane på PeriodeSkyss og UngdomSkyss vert uendra. Også når ein nyttar FleksiSkyss og KontantSkyss skal prisane vera dei same som i dag.
Gebyr for enkeltbillett
Frå 1. oktober 2012 skal det innførast ordning med tillegg på 10 kroner ved kjøp av enkeltbillett på bussen i område med minstetakst (bergensområdet).
Dette «ombordtillegget» er å sjå på som eit gebyr for å få til ei endring hjå dei reisande til meir kortbruk. Dette vil hjelpa godt på for å få til raskare bussframføring.
Automtar og internet
Prisdifferensieringa kan gjennomførast i bergensområdet når infrastrukturen for billette-ringssystemet er på plass. Det inneber at fleire billettautomatar skal vera utplasserte, og at internettløysing for kjøp av billettar (Skysskortet) er sett i drift. Ein legg opp til at desse tiltaka skal vera på plass medio 2012.
Grunngjevinga for å innføra denne ordninga med eit ombordtillegg er at ein ynskjer å få til ei vriding mot meir førehandskjøp av billettar/kort.
Båtrutene
Båtrutene får 3 % takstpåslag – om lag som den generelle kostnadsveksten. Det gjeld alle billettypar/kort som er knytt til båtdrifta, unnateke UngdomsSkyss som har uendra pris (300 kr).
Ferjetakstane
Takstane for ferjene skal følgja riksregulativet, der endringar vert kjent når statsbudsjettet vert lagt fram.
Samandrag av budsjettdokumenta
Budsjettdokumenta