
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen skar over snora med ein svær lauvkniv då han opna den nye vegparsellen mellom Hauge og Lonevåg. Fylkesordføraren var omkransa av ordførar på Osterøy, Kari Foseid Aakre, leiar av samferdselsutvalet i Hordaland, Gustav Bahus og regionvegsjef Helge Eidsnes (t.h.). (Foto: Ronny Bertelsen)
Tryggare
Den nye vegen er 3300 meter lang og inkluderer den 1550 meter lange Borgotunnelen. No blir det raskare å køyre mellom Hauge og Lonevåg, og det blir mykje tryggare for dei som bur og ferdast langs gamlevegen. Det har kosta 234 millionar kroner (i løpande kroner) å byggje veganlegget. Fylkeskommunen har løyvt 119 millionar, resten, 115 millionar skal betalast av bompengar.
Fyrte siste salve
På Hauge er den nye vegen knytt til ”Hannisdalslina” (Rolland-Hauge) og i Lonevåg til den eksisterande vegen med ei rundkjøring ved ”Tide-tomta”. Over Lonevågen er det bygd ei bru på om lag 90 meter. Vegane frå Revheim og Hjellvik blir tilknytt den nye vegen i eit felles kryss ved Hauge. 8. november i fjor gjekk siste salva i tunnelen. Gustav Bahus, leiar i samferdselsutvalet i Hordaland fyrte salva. Han deltok under opninga saman med fylkesordføraren, ordførar Kari Foseid Aakre på Osterøy og regionvegsjef Helge Eidsnes.

Den nye Borgotunnelen er 1550 meter lang og gjev kortare reise til Lonevåg.
Gode veg frå Lonevåg til E16
Med denne vegen er det omfattande vegbyggearbeidet med god veg frå E16 til kommunesenteret i Lonevåg i hovudsak i mål. I 1990 handsama Stortinget eit opplegg for finansiering av Osterøybrua (Kvisti bru) med tilstøytande vegar, medrekna Hannisdalslina og Tirsåstunnelen.
Stortinget slutta seg til
I 1992 vart det lagt fram ein proposisjon basert på stegvis utbygging. Stortinget slutta seg til at første byggesteg skulle omfatte Osterøybrua, kryss på Herland og kryss på Kvisti. I 1997 vart brua opna.
Betre økonomi enn rekna med
Andre byggjesteg var Tirsåstunnelen, ferdig i 1998 og tredje byggjesteg Hanisdalslina, ferdig i 2002. Alle prosjekta er delvis finansiert gjennom bompengar. Total bompengetid er no rekna ut til 17 år, mot 14 år for første byggjesteg. Trafikken og økonomien har utvikla seg betre enn rekna med, og det er ikkje behov for å lenge bompengetida med det siste prosjektet. Om ca tre år blir det slutt på bompengar på sambandet.

Barnehagebarn vinkar til bilkortesjen på nyevegen.

Ein politibil med blålys køyrde først på den 3300 meter lange nyevegen frå Lonevåg mot Hauge, etterfølgt av bussar med bygdefolk og inviterte gjester.

Ei 90 meter lang bru er bygd over Lonevågen og opp til den 1550 meter lange Borgotunnelen.