Krev pengar til dobbeltspor i Ulrikstunnelen

Klimaråd Hordaland krev at midlar til vidare planlegging av Ulrikstunnelen kjem på plass i Statsbudsjettet for 2012. Det går det fram av eit brev klimarådet i dag har sendt til Hordalandsbenken på Stortinget.

Desse var til stades då Klimaråd Hordaland konstituerte seg i dag: Klimasjef Gudrun Mathisen i Hordaland fylkeskommune (f.v.), ordførar Hans Erik Ringkjøb, Voss kommune, ordførar Ove Trellevik, Sund kommune, fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, Hordaland fylkeskommune (leiar), varaordførar Anne-Grethe Solbakk, Øygarden kommune, ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune, klimasjef Eva Britt Isager, Bergen kommune og byråd Filip Rygg, Bergen kommune.
Desse var til stades då Klimaråd Hordaland konstituerte seg i dag: Klimasjef Gudrun Mathisen i Hordaland fylkeskommune (f.v.), ordførar Hans Erik Ringkjøb, Voss kommune, ordførar Ove Trellevik, Sund kommune, fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, Hordaland fylkeskommune (leiar), varaordførar Anne-Grethe Solbakk, Øygarden kommune, ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune, klimasjef Eva Britt Isager, Bergen kommune og byråd Filip Rygg, Bergen kommune. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Tog skal vere førstevalet
I brevet skriv klimarådet at dersom tog skal vere førstevalet for person- og godstransport, må reisetida med Bergensbanen reduserast kraftig.
”På kort sikt må dobbeltspor gjennom Ulriken på strekninga Arna – Bergen på plass. Alle nødvendige vedtak er fatta, og det er klart for byggjestart i 2013.  Det einaste som manglar, er pengar”, skriv klimarådet i brevet til politikarane frå Hordaland på Stortinget.

Det mest klima- og miljøvenlege kollektivtilbodet
I brevet viser klimarådet til at Bergensbanen er ei jernbanestrekning som dekker lokale, regionale og nasjonale reisebehov:
• Den er det mest klima- og miljøvenlege kollektivtilbodet i storbyregionen på strekninga Bergen - Arna - Voss.
• Den er og det mest klima- og miljøvenleg reisetilbodet mellom Oslo og Bergen, ei strekning som i dag har Europas 3. mest trafikkerte flyrute.
• Den har hatt kraftig vekst i godstransporten, og kapasiteten på jernbanenettet er no sprengt. Hordaland er Noregs største eksportfylke, og det er trong for gode alternativ til vegtransport.

Ringeriksbanen
I tillegg viser klimarådet til ei rekke tiltak som er vedtatt og må iverksetjast: Ringeriksbanen, fleire kryssingsspor, fjerning av plankryss og opprusting av skinnegangen.

Første møte
Klimaråd Hordaland konstituerte seg 11. november 2011 kl. 11.00 i fylkeshuset i Bergen. Til stades på det første møtet var: Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, Hordaland fylkeskommune (leiar), ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune, ordførar Hans Erik Ringkjøb, Voss kommune, byråd Filip Rygg, Bergen kommune, ordførar Ove Trellevik, Sund kommune og varaordførar Anne-Grethe Solbakk, Øygarden kommune.

Bjarte Brask Eriksen 11.11.2011 17:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart