Med røystene til dei same partia tilrår fylkesutvalet at det skal etablerast eit prosjekt, Økonomisk handlefridom II. Målet er å auka fylkeskommunen sin handlefridom i perioden 2012-15. Prosjektet bør identifisera tiltak som kan gje inntektsauke og kostnadskutt på til saman 100 mill. kr.
Kultur og idrett påplussa 2,45 mill. kr
Største påplussinga innan kultur- og idrett er 1 mill. kr til Litteraturhuset i Bergen. Til friluftsliv vert det sett av 500 000 kr meir. Til prøveprosjekt der idrettslag brukar gymsalar grsatis mot å utføra vakthald og reinhalde vert det sett av 200 000 kr.
Andre påplussingar er: Pilgrimsenter Røldal 200 000 kr, Rallarvegen 100 000 kr, Hardanger 2014 – kulturprosjekt i samband med grunnlovsjubileet 200 000 kr, Hauge-senteret i Ulvik 100 000 kr og Bømlo teater 150 000 kr.
Samferdsel påplussa 14,4 mill. kr
Løyvinga til fylkesvegvedlikehald vert auka med 5 mill. kr. Til auka ruteproduksjon med bybane og buss vert det også plussa på 5 mill. kr.
Aldersgrensa for studentkort vert heva frå 30 år til 33 år. Kostnaden er budsjettert til 1,2 mill. kr.
Til auka kapasitet i ferjesambandet Kinsarvik-Utne-Kvanndal i 2013 vert det sett av ca. 3 mill. kr.
Opplæring og helse 8,4 mill. kr
Til opplæring og helse vert det plussa på 8,4 mill. kr.
5 mill. kr er sett av til auka overføring til dei vidaregåande skulane. Til styrking av skulehelsetenesta vert sett av 1,5 mill. kr. Undervisningsutstyr vert påplussa 1 mill. kr, sommarskulen får 500 000 kr meir. Til alternastiv Vg3 fagopplæring vert løyvd 200 000 kr. Til eit rekrutteringsprogram for realfaglærar vert det løyvd 200 000 kr.
Inndekking
Til å dekka inn påplussingane på 25,25 mill. kr vert 10,5 mill. kr som var avsett til disposisjonsfond nytta. Vidare vert det rekna med 10 mill. kr mindre i renteutgifter, og overføring av mva-kompensasjon til kapitalbudsjettet vert redusert med 4,75 mill. kr.
Handlefridom
H, Frp, V sette også fram to tekstforslag som er tilrådde med ni røyster (H, Frp, V og KrF).
Prosjekt Økonomisk handlefridom II
«Fylkestinget ber fylkesrådmannen etablera eit prosjekt Økonomisk handlefridom II etter modell av tilsvarande prosjekt i valperioden 2003-07. Målsettinga med prosjektet er å auka fylkeskommunen sitt handlingsrom i økonomiplanperioden 2012-15, spesielt sett i høve til aukande kapitalkostnader som følgje av lånefinansierte investeringar i planperioden. Prosjektet bør identifisera tiltak som kan gje inntektsauke/kostnadskutt i storleik 100 mill kroner i driftsbudsjettet.
Fylkesutvalet skal fungera som styringsgruppe, og motta milepelsrapportar undervegs i prosjektet. Samla tiltaksplan bør liggja føre for politisk handsaming innan utgangen av 2012.
Reklame i kollektivtrafikken
Reklamefinansiert kollektivtransport
«Det skal i 1.kvartal 2012 etablerast eit prosjekt for å avklåra det samla potensialet for reklameinntekter knytt til Hordaland fylkeskommunes sitt engasjement innan kollektivtransporten. Prosjektet må vurdera inntektspotensialet knytt til sal av reklameflater på bussar, busstopp, terminalar, elektroniske plattformer, billettar, Skysskort osv, samt skissera rammer for omfang, estetikk og generell organisering av tiltaket.
Det skal setjast ned ei politisk styringsgruppe for prosjektet, og fylkesrådmannen får fullmakt til å nytta ekstern kompetanse i utgreiingsarbeidet. »
Andre budsjettforslag
Arbeidarpartiet, Sosialistisk venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti sette fram eigne budsjettforslag. Desse forslaga fekk forslagsstillarane sine røyster og er ikkje tilrådde.
Kristeleg folkeparti støtta subsidiert forslaget frå H, Frp, V etter at partiet sitt eige forslag berre fekk ei røyst.
Forslaga frå partia
Budsjettforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Venstre (pdf-fil)
Budsjettforslag frå Arbeidarpartiet (pdf-fil)
Budsjettforslag frå Kristeleg Folkeparti (pdf-fil)
Budsjettforslag frå Senterpartiet (pdf-fil)
Budsjettforslag frå Sosialistisk venstreparti (pdf-fil)