Nasjonal konferanse om regional forsking

22-23. mars vert den første nasjonale konferansen om regionale forskingsfond arrangert i Bergen. Jone Engelsvold (biletet) og Hordaland fylkeskommune er vertskap.


Jone Engelsvold er sekretariatsleiar for Regionalt forskingsfond Vestlandet, som i år deler ut 30 millionar kroner til regionale forskingsprosjekt på Vestlandet (foto: Øystein Rygg Haanæs).

Søkjelys på vilkåra for suksess

- Konferansen markerer at det er eitt år sidan dei regionale forskingsfonda starta aktiviteten. Vi skal samanfatte år éin og setje søkjelyset på vilkåra for at reforma skal verte ein suksess, fortel Jone Engelsvold, sekretariatsleiar for Regionalt forskingsråd Vestlandet.

Konferansen vert opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, som også er styremedlem i det regionale fondet her vest.

- Regionale forskingsfond er god regional forvalting i praksis. Her etablerer regionale folkevalde ein regional forskingspolitikk basert på særskilde regionale utfordringar og målsettingar, seier fylkesordføraren.

Seks milliardar frå Stortinget

I 2009 løyvde Stortinget seks milliardar kroner til eit fond der den årlege avkastinga  skal finansiere kvalitetsforsking med høg regional relevans rundt om i landet. Fylkeskommunane har eit særleg ansvar for å samordne regionalt utviklingsarbeid, og fondet har gitt nye moglegheiter i dette arbeidet.

Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er samla i Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Berre i 2011 skal sju regionale forskingsfond dele ut til saman 210 millionar kroner. 30 av desse går til forsking og forprosjekt på Vestlandet.

Samla for første gong

- Konferansen er viktig fordi det er første gang alle ansvarlege og involverte i eit så nytt og omfattande prosjektet vert samla, seier Engelsvold.

Kunnskapsdepartementet og Forskingsrådet er representerte med høvesvis ekspedisjonssjef Kari Balke Øiseth og administrerande direktør Arvid Hallén. 

Fylkeskommunane og fonda som disponerer midlane stiller sterkt, i tillegg kjem representantar for brukarane som skal omsetje midlane til nyttig forsking.

- Dei skal mellom anna stille oss til veggs i ein paneldebatt, seier Engelsvold, som har stort von om å verte utfordra i høve til fondet sine målsettingar.

- Ein slik konferanse er viktig for at vi skal lære av kvarandre. Det skal delast ut godt over 200 millionar statlege forskingskroner kvart år, og då må vi lukkast. Skal vi imøtekome forventingane i prosjektet, må vi etablere ein praksis som verkeleg resulterar i forsking som held høg kvalitet og er viktig for regionane, seier Engelsvold.

Frå e-helse til sædkvalitet hos gris

Kva har sædkvalitet hos gris, e-helse og IKT-løysingar for å førebygge einsemd med kvarandre å gjere?

Jo, dette er tre døme på forskingsprosjekt som fekk midlar i utlysningsrunden som vart gjennomførd i 2010. No skal resultat og framdrift verte presentert på konferansen.

Fristen for å søkje midlar for 2011 er 13. april. Både offentlege verksemder, bedrifter og forskingsinstitusjonar kan søke om midlar frå dei regionale forskingsfonda.

Programmet for konferansen

Øystein Rygg Haanæs 22.03.2011 10:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart