Stønad til 30 forprosjekt innan forsking på vestnorske tema

30 forprosjekt innan forsking på vestnorske tema får inntil 200.000 kvar i stønad frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. 15 kjem frå Rogaland, åtte frå Hordaland, fem frå Sogn og Fjordane og to frå Møre og Romsdal.

75 søknader
Totalt 75 søknader kom inn ved søknadsfristen i april. Styreleiar i forskingsfondet, fylkesordførar Tom Tvedt i Rogaland, er svært nøgd med at dei kan stimulere forskinga på Vestlandet.

Desse 30 får stønad (pdf)

Viktig medspelar
– Regionalt forskingsfond treff nokre svært sentrale utfordringar innan viktige tema for bedrifter og offentleg sektor på Vestlandet. Ny kunnskap driv Vestlandet framover, og Regionalt forskingsfond ønskjer å vere ein viktig medspelar for privat og offentleg sektor som vil nytte forskinga i arbeid med ny verdiskaping, seier styreleiar Tom Tvedt.

Dei 30 forprosjekta har slik tematisk fordeling:
Bærekraftig matproduksjon -  8
Energi/Maritim sektor  -  6
Reiseliv  -  8
Offentlege utviklingsoppgåver -  8

Mange viktige problemstillingar
Alle prosjekta som får stønad er i ein tidleg fase. Ein viktig målsetnad med forprosjekta er å klargjere potensiale for vidare forskingsarbeid og kva resultat ein kan vente seg. Mellom dei mange problemstillingar som det skal jobbast med er desse:

  •  Felling og frigjering av fosforkomplekser frå husdyrgjødsel
  •  Beinhelse hos torsk, -er mangel av vitamin D og K årsaken til deformiteter?
  • Sesonguavhengig produksjon av kamskjellyngel i landbasert vekstanlegg
  • Utnytting av slam frå fiskeoppdrett til biogassproduksjon
  • Nettintegrasjon av offshore vindkraft – med fokus på kysten utafor Sogn og Fjordane
  • VESTAVEG: Turistvegar i vest - frå produkt til marknad
  • Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad
  • Velferdsteknologi i helse- og omsorgssektoren
  • Nyetablerte bedrifter i det regionale innovasjonssystemet - treff virkemidla?

Geografi
Søknadene som får stønad fordeler seg godt geografisk. Rogaland er likevel ein vinnar, då halvparten av søknadene med stønad kjem frå ein prosjektansvarleg i dette fylket. Frå prosjektansvarlege i Hordaland er det åtte søknader med stønad og i Sogn og Fjordane er det fem. To søknader med stønad kjem frå forskingsmiljø i Møre og Romsdal som samarbeider med bedrifter eller offentleg sektor i eit av dei tre vestlandsfylka som utgjer forskingsregion Vestlandet.

Kva er regionalt forskingsfond
Regionale forskingsfond er ei ny satsinga frå 2010 som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er saman om fondet. Ei felles fylkestingssak hausten 2009 bestemte viktige forskingstema. Desse er lagt til grunn for styret sitt arbeid med handlingsplan og utlysing av midlar. Ordninga med regionale forskingsfond vert utvikla i nært samarbeid med Noregs forskingsråd.  Regionalt forskingsfond Vestlandet hadde si andre utlysing i april 2011.

Desse 30 får stønad (pdf)

Profil til søkjarane (pdf)

Jone Engelsvold 23.06.2011 12:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart