Samferdsleministeren og fiskeriministeren til Vestlandsrådet

Både fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa deltek på møtet i Vestlandsrådet tysdag 14. juni i Bergen.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil få overrekt det ferske handlingsprogrammet for samferdsle på Vestlandet.

Signal
– Vi er glade for at dei to statsrådane kjem. Vi ser dette er eit signal om at Vestlandsrådet er den viktigaste regionalpolitiske aktøren på Vestlandet, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt. 

Bindeledd
– I tillegg er dette eit signal om at rådet kan fungere som ein sentral arena og bindeledd mellom regional og sentrale styresmakter, held Tvedt fram.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil få overrekt det ferske handlingsprogrammet for samferdsle på Vestlandet.

Verdiskaping 
– Vi ser dette er eit signal om at Vestlandsrådet er den viktigaste regionalpolitiske aktøren på Vestlandet, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt.Ein rapport Vestlandsrådet nyleg fekk utarbeidd viser m.a. at det meste av verdiskapinga innan marine og maritime næringar i landet, går føre seg på Vestlandet. Og at marine og maritime næringar på Vestlandet representerer 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt (BNP).

Havbruk
– At fiskeriministeren vel å delta på møte hos oss samsvarer med den verdiskapinga Vestlandet har innan havbruk og fiskeri.

– Vi ser dette er eit signal om at Vestlandsrådet er den viktigaste regionalpolitiske aktøren på Vestlandet, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt.

Optimisme
Rapporten gir grunn til optimisme og tru på ei berekraftig utvikling på Vestlandet. At 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine og maritime, meiner Tvedt.

Ferjefri E39 
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil få overrekt det ferske handlingsprogrammet for samferdsle på Vestlandet. Her er både ferjefri E39, rassikring, vedlikehald av vegkapitalen, Stad skipstunnel og framlegg til nye finansieringsmodellar presentert.

 
Fire fylkeskommunar
Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet m.a. fremje landsdelen nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen, og aktivt påverke rammevilkår for landsdelen.

På flyplassen
Møtet for Vestlandsrådet blir halde på Flesland, Clarion Hotel Bergen Airport, tysdag 14. juni kl. 10.00.

Program for Vestlandsrådet (pdf)

Handlingsplan for samferdsel på Vestlandet (pdf)

Reiselivsstrategi på Vestlandet (pdf)

10.06.2011 12:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart