Xpressbuss.no AS får løyve til å oppretta flybussrute for personar på strekninga Bergen sentrum – Bergen lufthamn, Flelsand, vedtok Hordaland fylkesutval 29. november.
Løyvet vert gjeve med kosnesjon til 31.12.2013.
Tilgjengeleg for alle
Fylkesutvalet stiller som krav at transporttilbodet skal vera tilgjengeleg for alle. Dette gjeld og haldeplassinformasjon, marknadsføring, billettering m.m. Dersom det vert nytta vognmateriell frå før 1.1.2010 skal det gjevast eit servicetilbod som er tilpassa alle, uavhengig av funksjonsevne.
Krev godkjenning
Fylkesutvalet føreset at Xpressbuss.no innfører rabatt for studentar, honnørreisande og tenestepliktige. Ruteplan og takstregulativ skal godkjennast av fylkeskommunen.
Frå Nordnes
Til forskjell frå Tide legg Xpressbuss opp til Nordnes som endehaldeplass i Bergen sentrum. I sentrum vil dei stoppa ved 8 hotell, ved Grieghallen og ved Nonnesæter terminal/utsida av busstasjonen. Derfrå vil dei køyra direkte til/frå flyplassen.
Frekvens
Det omsøkte rutetilbodet vil, med unnatak av perioden før kl 06.00, ha halvtimefrekvens kvardagar frå kl 03.30 til 23.00, laurdagar frå kl 04.00 til 18.30 og sundagar frå kl 06.00 til 22.30. Det er i tillegg planlagt å køyre flytilpassa ruter utanom desse tidsromma.
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 29. november 2011