
– Det er greitt for meg å bli ingeniør og gjere jobben sjølv, seier Elisabeth Siggervåg som arbeider hos Wärtsilä Stord. – Dette er eit godt tilbod både for oss og bedriftene, seier Oddgeir Hjertenes, som jobbar hos Kværner Stord. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
For godt til å takke nei
Oddgeir Hjertenes er ein av 35 tilsette i fire Stord-bedrifter som har starta på ingeniørutdanning kombinert med jobb.
– Dette er eit svært bra tilbod. Det er for godt til å takke nei til. Eg får løn og fri frå jobben mens eg studerer. Men det er og eit godt tilbod for bedriftene. Utdanninga er svært relevant for meg. Vi får gode stillingar i Kværner med teknisk fagskule over to år, men eg kan studere i to år til og bli ingeniør, seier Oddgeir Hjertenes.
Rett måte å gjere det på
Elisabeth Siggervåg, ved Wärtsilä Stord, har og satsa på utdanningstilbodet.
– Eg har eksamen i automatisering og byggjer fjernstyringssystem til skip. Teikningane får eg frå ingeniørar, men det kunne vere greitt for meg å bli ingeniør og gjere jobben sjølv. Dette er rett måte å gjere det på når det er mangel på ingeniørar, seier Elisabeth Siggervåg.
Stort behov for ingeniørar
Initiativet til utdanninga kom frå dei fire bedriftene Kværner Stord, Wärtsilä Norway, Apply Leirvik og Advantec. Dei har 2500 tilsette og har behov for 100 nye ingeniørar årleg og er engasjert i bygging av skip, stålkonstruksjonar og offshoreinstallasjonar. For heile landet har Statistisk sentralbyrå kalkulert ingeniørmangelen til 7400.
– Bedriftene oppnemnde ein talsmann i vår som spurde om å få til fagskuleutdanning av fagteknikarar med høve til påbygging til ingeniør. Vi fekk til eit samarbeid om dette, og fylkeskommunen løyvde pengar, seier rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole.

35 studentar som er i full jobb ved fire Stord-bedrifter, skal i to år i tillegg sitje på skulebenken. Sommaren 2013 er dei utdanna fagteknikar. Dei kan studere i to år til og bli ingeniør.
4,4 millionar kroner
Bergen tekniske fagskole står ansvarleg for utdanninga i samarbeid med Stord vidaregåande skule. Dei fire bedriftene bidreg og med lærekrefter. Hordaland fylkeskommune har løyvd 2,2 millionar kroner til utdanninga. Dei fire bedriftene og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, har løyvt same summen.
Kan gå rett ut i prosjektstillingar
Dei 35 studentane starta utdanninga 14. november. Til sommaren 2013 er dei utdanna fagteknikar og kan kalle seg prosjektingeniør. Deretter har dei høve til å studere to år til ingeniør ved Høgskolen på Stord eller i Bergen. Og deretter kan dei bli sivilingeniør etter ytterlegare to år. Men dei får gode og interessante jobbar alt etter to år på fagskulen.
– Desse 35 vil gå rett ut i prosjektstillingar som fagteknikar etter to år og ta prosjekt- og leiar stillingar. Gjennom utdanninga får dei lære å drifte eit prosjekt og leie medarbeidarane, seier rektor Torbjørn Tvedt.
Tre veker turnus
Studentane har ein turnus på ei veke på skule og er deretter to veker i jobb. I tillegg må dei jobbe med studieoppgåver på nett. Utdanninga har to retningar: Maskinteknikk og automatiseringsteknikk. Mellom faga er norsk, engelsk, økonomistyring, leiing, organisasjonslære, mekanikk, elektroteknikk, materiallære, elektroniske system og automatisering.
– Vi håpar å få til vidareføring med 35 studentar kvart år om dette blir vellukka, seier avdelingsleiar Reidar Bøen ved Bergen tekniske fagskole.
Ønskjer ny klasse neste haust
– Bedriftene ønskjer å starte ny klasse neste haust og at fylkeskommunen betalar alt. Det er lurt for fylkeskommunen å satse på dette for dette er ei kjempegod investering. Vi får og noko igjen. Lærarane våre får hospitere i bedriftene og får tilgang til deira kompetanse. Vi lærer av dette når vi får tilgang til verkelege prosjekt, seier Reidar Bøen som har næringslivskontakt som ei av sine arbeidsoppgåver ved Bergen tekniske fagskole.
Første gong
Dette er første gongen fagteknikarutdanning blir gjennomført som eit spleiselag mellom fylkeskommunen og bedrifter om utdanning.
– Vi har same tilbodet i Bergen, men det går over tre år og utan økonomisk støtte frå bedriftene, seier rektor Torbjørn Tvedt
– Modellen kan brukast i andre lokalsamfunn. Vi hadde ikkje fått til denne utdanninga utan bedriftene i ryggen. Vi har hatt kontakt med Odda som er interessert i dette, seier Reidar Bøen.
Motoren i fylket
Stord vidaregåande skule er ein samarbeidspartnar i utdanninga.
– Vi held hus, samarbeidar om planlegginga, og vi har halvparten av lærarane. Bergen tekniske fagskole er motoren i fylket i høve teknisk fagskule, seier rektor Leif Helge Engelsen ved Stord vidaregåande skule.

– Våre 35 studentar vil gå rett ut i prosjektstillingar, seier rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole (f.v.). Rektor Leif Helge Engelsen ved Stord vidaregåande skule stiller lokale og lærarkrefter til disposisjon og Reidar Bøen er avdelingsleiar og næringslivskontakt ved Bergen tekniske fagskole.