Den rundt ein kilometer lange strekninga har fått utvida vegbana og eit tre meter breitt fortau. Langs vegen er det tilkomst både for Skånevik barnehage og Skånevik skule. I tillegg finn ein her avkøyringa til industriområdet.
Trivelegare
– Målet for prosjektet har vore å skapa tryggare trafikktilhøve for alle trafikantgrupper som ferdast i området. Ein kan oppleva noko mindre støy enn tidlegare og betre framkomst for dei mjuke trafikantane, seier prosjektleiar Asbjørn Opedal. Opedal er viss på at det no vert trivelegare å ferdast mellom skule, barnehage og idrettsanlegg.

Fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes føretok den offisielle opninga av gang- og sykkelvegen i Skånevik. Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen Hordaland (t.v.) og Etne-ordførar Sigve Sørheim heldt orden på markeringsbandet. (Foto: Grtehe Hopland Ravn, Grannar.)
Helsefremjande
Fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes sa ved opninga: — Det er ikkje berre tryggleiken for dei mjuke trafikantane som skal framhevast når me opnar ein ny gang- og sykkelveg. Også den helsefremjande biten av slike anlegg er viktig. Gode og trygge gangvegar gjer det meir freistande og lettare for folk å koma seg ut på tur.
Kommuneforskot
Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen Hordaland trekte fram at det prosessen frå planlegging til realisering har vore dryg for dette prosjektet. Først då Etne kommune stilte opp med forskotering, vart det fart i prosessen. Etne kommune har forskottert dei 15 millionar kroner som er gått med. Dei har også laga reguleringsplanen, medan detaljplanane er laga av Statens vegvesen.
Tilflytting
Ordførar Sigve Sørheim i Etne kommune gratulerte Skånevik-bygda med gangvegen. – Det er kjekt å få vera med å opna denne gangvegen, og med tanke på at Skånevik opplever tilflytting er det eit viktig prosjekt som no skal markerast, sa ordføraren ifølgje lokalavisa Grannar.
Over 100 frammøte – born og vaksne – var på plass for å ta del i opningsmarkeringa.
Over 100 frammøte – born og vaksne – var på plass for å ta del i opningsmarkeringa.
www.h-avis.no - Tryggere trafikk for alle
Plan for ny fylkesveg
Planar for ny fylkesveg mellom Skånevik og Etne er under utarbeiding. Uansett kva løysing som vert valt, vert det eit dyrt prosjekt.
www.grannar.no : Utbetring billigare enn tunnel