Tre tannklinikkar er blitt éin i Fusa

– Det er viktig å markere at tannklinikken flytter inn i nye og moderne lokale i Eikelandsosen, sa fylkestannlege Arne Åsan under opninga av den nye tannklinikken i Fusa.

Sjølv ein klinikksjef må lære å pusse tennene. Her får klinikksjef Atle Fjelltveit hjelp av Ingeliv Hinna (f.v.), Inger-Lise Prestegard og Liv Bolstad.
Sjølv ein klinikksjef må lære å pusse tennene. Her får klinikksjef Atle Fjelltveit hjelp av Ingeliv Hinna (f.v.), Inger-Lise Prestegard og Liv Bolstad. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Alle kan vere på jobb samstundes
Den nye tannklinikken i Fusa hadde felles opningsmarkering med den utvida vidaregåande skulen fredag 25. november. Tre gamle tannklinikkar i kommunen er no lagt ned: Baldersheim helsetun, Hatlestrand og Eikelandsosen. Den nye tannklinikken er på 250 kvadratmeter og har seks tilsette. Samlinga til ein tannklinikk medfører og at alle kan vere på jobb samstundes på same tannklinikken

Pågått lenge
Fylkestannlege Arne Åsan sa i helsingstalen at samanslåingar av gamle tannklinikkar til større einingar har pågått lenge i fylkeskommunen.
– Då eg byrja som tannlege i Hordaland i 1989 hadde vi 110 tannklinikkar i fylket. No er vi nede i 67. Det har vore ei formidabel endring i klinikkstrukturen. Endring av strukturen har delvis med at det er problem med å rekruttere tannlegar og tannpleiarar, men her i Fusa har dette ikkje vore noko problem. Her har vi stabil arbeidskraft. No kan alle arbeide her samstundes. Vi har fire behandlingsrom, eitt meir enn nødvendig. Det betyr at klinikken kan ta imot tannlegestudentar for opplæring i praksis, sa fylkestannlege Arne Åsan.

Fylkestannlege Arne Åsan overrekte eit bilete til tannklinikken ved klinikksjef Atle Fjelltveit.
Fylkestannlege Arne Åsan overrekte eit bilete til tannklinikken ved klinikksjef Atle Fjelltveit.

Betre arbeidsforhold
Ordførar Hans Vindenes sa at dei tilsette no har fått mykje betre arbeidsforhold.
– Tidlegare heldt dei til i eit kott oppe på sjukeheimen. Nokre meiner at å leggje ned tannklinikken på Baldersheim er feil. Men det er viktig å samle tannklinikkane i skulehuset her på Eikelandsosen. Ikkje minst fordi dei tilsette no har fått nye og trivelege lokale og ikkje minst fordi no kan alle tilsette vere på jobb samstundes. For pasientane er det også framgang.

Ny nabo
Rektor Annbjørg Laupsa helsa tannklinikken velkommen som nye naboar. Tannklinikken har lokale i eine enden av nybygget ved skulen.

Nestleiar Dan Femoen i opplærings- og helseutvalet i Hordaland helsa frå fylkespolitikarane og overrekte blomster til klinikksjef Atle Fjelltveit.
Nestleiar Dan Femoen i opplærings- og helseutvalet i Hordaland helsa frå fylkespolitikarane og overrekte blomster til klinikksjef Atle Fjelltveit.

Kjekt
Dan Femoen, nestleiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland representerte fylkespolitikarane og sa at det var kjekt å kunne få vere med på denne opninga av den nye tannklinikken.

Starta i eit bustadhus
Klinikksjef Atle Fjelltveit fortalde om arbeidet med å få tannklinikken på plass.
–Tannklinikken i Fusa hadde start tidleg på 1970-talet i eit bustadhus. Tidleg på 1980-talet tok i bruk lokale på Baldersheim, så fekk vi kontor på sjukeheimen.
13. april i fjor sende vi e-post til fylkestannlegen med ønskje om å samle dei tre tannklinikkane i Fusa. No er vi samla her. Det er stort for oss. Vi har lyse og fine lokale. Og når pasientane kjem til desse, nye lokala, får dei ei betre oppleving, sa klinikksjef Atle Fjelltveit.

Det første miljøfyrtårn i Fusa
Ordførar Hans Vindenes hadde med seg ei overrasking under opninga.
– Tannklinikken er det første miljøfyrtårnet i Fusa kommune. Eg gratulerer, sa ordførar Hans Vindenes og overrekte miljøfyrtårnssertifikatet til klinikksjef Atle Fjelltveit. Klinikkområde Fusa og Samnanger har i fellesskap oppnådd miljøsertifisering. Tannklinikken i Samnanger får overrekt miljøfyrtårndiplomet ved eit seinare høve.

Ordførar Hans Vindenes i Fusa gratulerte tannklinikken som det første miljøfyrtårnet i Fusa og overrekte det synlege provet til klinikksjef Atle Fjelltveit.
Ordførar Hans Vindenes i Fusa gratulerte tannklinikken som det første miljøfyrtårnet i Fusa og overrekte det synlege provet til klinikksjef Atle Fjelltveit.

Dei seks tilsette ved Fusa tannklinikk fekk hendene fulle: Atle Fjelltveit (f.v.), Anne Ragnhildstveit, Toril Rød, Ingeliv Hinna, Liv Bolstad, Inger-Lise Prestegard.
Dei seks tilsette ved Fusa tannklinikk fekk hendene fulle: Atle Fjelltveit (f.v.), Anne Ragnhildstveit, Toril Rød, Ingeliv Hinna, Liv Bolstad, Inger-Lise Prestegard.

Bjarte Brask Eriksen 01.12.2011 11:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart