
Barneombodet i Litauen diskuterte rutinar for å få barn til å møte hos tannlegen med folkehelserådgjevarar på Vestlandet: Anna Fjæra Skåtøy, Os tannklinikk (f.v.), folkehelserådgjevar Ingfrid Vaksdal Brattabø i Hordaland, rådgjevar Jurgita Kinderiene for barneombodet i Litauen, barneombod Edita Ziobiene i Litauen, folkehelserådgjevar Linda Næss i Rogaland, rådgjevar Audrone Bedorf hos barneombodet i Litauen og folkehelserådgjevar Britt Sønnesyn i Sogn og Fjordane. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Tips frå Reidar Hjermann
Folkehelserådgjevarane i dei tre vestlandsfylka, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland var vertskap for barneombodet i Litauen.
– Barneombod Reidar Hjermann tipsa kollegaen sin i Litauen om at vi på Vestlandet har laga rutinar for å fange opp barn og unge som ikkje møter til tannlegen, og barn med mistanke om misbruk eller omsorgssvikt. Vi på Vestlandet er god på samhandling og samarbeid med barnevernet i kommunane i dei tre fylka, seier folkehelserådgjevarane Linda Næss i Rogaland, Britt Sønnesyn i Sogn og Fjordane og Ingfrid Vaksdal Brattabø i Hordaland.
34.500 barn møtte ikkje
I 2008 møtte ikkje 34.500 barn og unge i Noreg til tannlegen etter å ha fått innkalling.
– Av desse er det ein del som gløymer at dei hadde time, men vi har og mange som innkalling etter innkalling ikkje møter. Vi har difor i fellesskap utarbeidd rutinar som skal imøtegå dette, seier dei tre folkehelserådgjevarane.
Imponert
Barneombodet i Litauen, Edita Ziobiene, er imponert over det dei tre vestlandsfylka i samarbeid har fått til.
– Helsa til barn er ikkje høgt prioritert i Litauen. Foreldra forstår ikkje kvifor barna skal gå til tannlegen. Dei første åra går dei berre til lege. Vi har difor innført at barn som byrjar på skule, må dokumentere at det går til tannlege, seier Edita Ziobiene.
Utfordring
Barneombodet fortel at dei fleste barna som går til tannlege i Litauen, går til ein privat tannlege.
– Hos private er det betre kvalitet og betre materiell enn hos offentlege tannlegar. Det blir ei utfordring å bevisstgjere tannlegane om å avdekke misbruk og omsorgssvikt. Det blir og ei utfordring å få tannlegane til å melde frå om misbruk. Vi vil bygge rutinar slik som de har her, seier barneombod Edita Ziobiene

Delegasjon frå Litauen fekk bergenske sydvestar til regnveret: rådgjevar Audrone Bedorf (f.v.) barneombod Edita Ziobiene og rådgjevar Jurgita Kinderiene. (foto: Britt Sønnesyn)
Innleia samarbeid
På møtet i fylkeshuset i Bergen fekk barneombodet i Litauen orientering om rutinane og samarbeidet i dei tre vestlandsfylka.
– Vi oppdaga at vi i kvart fylke arbeidde med dette på eiga hand etter initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet. Då var det naturleg at vi innleia samarbeid om dette, seier Britt Sønnesyn.
– Vi har laga rutinar. I andre delar av landet er ikkje dette gjort. Difor kom barneombodet i Litauen til oss, seier Linda Næss, folkehelserådgjevar i Rogaland.
Oppdaga barn som ikkje gjekk på skule
Dei tre fylka har i fellesskap laga rutinar i samarbeid med barneklinikken på Odontologisk institutt ved Universitetet i Bergen, Statens barnehus og ressurssenter om vold og traumatisk stress (RVTS). I tillegg har fylka inngått samarbeid med barnevernet i kommunane.
– Barn som ikkje møter til tannlegen, ringer vi og etterlyser. Har ikkje barnet møtt på to år eller vi oppdagar misbruk eller omsorgssvikt, sender vi bekymringsmelding til barnevernet. Vi har til og med oppdaga eit barn som ikkje hadde byrja på skulen, seier Næss.
Bekymringsmeldingar
2011 er det første året med samarbeid om bekymringsmeldingar til barnevernet.
– Barnevernet er svært glad for å få oss som samarbeidspartnar. Vi har berre fått positive tilbakemeldingar, seier Linda Næss.
Vidareført til heile landet
– Det vi har gjort, blir no vidareført til heile landet. Helsedirektoratet skal lage nasjonale retningslinjer basert på det vi har gjort, seier Britt Sønnesyn.

Omvising på det nye odontologiske bygget stod på programmet for folkehelserådgjevarane Britt Sønnesyn, Sogn og Fjordane (f.v.), Linda Næss, Rogaland og Ingfrid Vaksdal Brattabø, Hordaland.