Ei eventuell regionpakke må ikkje hindra framdrifta for dei prosjekta som ligg klar til realisering, heiter det i Hordaland fylkesutval si fråsegn til KVU-rapporten.
Fylkesutvalet legg til grunn at Askøypakken og vidareføring av Bergensprogrammet, for å sikra finansiering av bybanen, byggetrinn 3 Lagunen-Flesland, Sotrasambandet og Arnatunnelen vert lagt fram for Stortinget så snart som mogleg uavhengig av endelege avklaringar i KVU-arbeidet og ei eventuell framtidig regionpakke for Bergensområdet.

Fylkesutvalet sitt vedtak:
«1. Fylkesutvalet meiner KVU-rapporten for transportsystemet i Bergensområdet på ein god måte synleggjer dei framtidige transportpolitiske utfordringane i Bergensområdet, og dei behov og mål som må leggjast til grunn for den framtidige transportpolitikken.
2. Fylkesutvalet vil peike på at den framtidige transportpolitikken for Bergensområdet i hovudsak vil omfatte lokal virkemiddelbruk, og legg til grunn at Samferdselsdepartementet sine vurderingar og avklaringar derfor i hovudsak er knytt til tiltak innanfor statleg virkemiddelbruk.
I hovudsak samd
3. Fylkesutvalet viser til fylkesrådmannen sine merknader i saksframlegget og er i hovudsak samd i konklusjonane i KVU-rapporten og den tilrådde transportpolitiske strategien for utvikling av transportsystemet i Bergensområdet.
Indre ringveg Bergen
4. Fylkesutvalet ber om at traseløysingar, trafikale virkningar, og krav til tunneltryggleik m.m for eit indre ringvegsystem i Bergen sentrum vert utgreidd nærare.
Samarbeid
5. Fylkesutvalet legg til grunn at det overordna spørsmålet om å utforme ein regionpakke, for gjennomføring av den transportpolitiske strategien, med eller utan felles organisering og finansiering, vert avgjort i eit samarbeid med dei impliserte kommunane og fylkeskommunen.
Regional transportplan
6. Fylkeskommunen har starta arbeid med regional transportplan og førebur oppstart av regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet. KVU for Bergensområdet er eit viktig innspel til arbeidet med desse planane. Drøfting og prioritering mellom tiltak og prosjekt vil vere ein del av det regionale planarbeidet.
Utan seinking
7. Fylkesutvalet legg til grunn at Askøypakken og vidareføring av Bergensprogrammet, for å sikre finansiering av bybanen, byggetrinn 3 Lagunen-Flesland, Sotrasambandet og Arnatunnelen vert lagt fram for Stortinget så snart som mogleg uavhengig av endelege avklaringar i KVU-arbeidet og ei eventuell framtidig regionpakke for Bergensområdet.
8. Ein eventuell regionpakke må ikkje hindre framdrifta for dei prosjekta som ligg klar til realisering.
Båt og buss
9. Fylkesutvalet meiner at ein framtidig båt-buss-strategi må bli inkludert i det vidare arbeidet med ein regionpakke.
Føringar
10. Fylkesutvalet vil at føringane i Klimaplanen for Hordaland blir med vidare i regionpakkearbeidet. Den enkelte kommune må i sitt vidare planarbeid i større grad vera med å samarbeida og ta omsyn til denne.
Fortetting
11. Fylkesutvalet ønskjer eit fortsatt fokus på å fortetta langs bybanetraseane, men samstundes vektleggja fortetting langs andre kollektivårer, så vel så viktig mange stader i regionen.”
Berekraft
12. Fylkesutvalet meiner den breie og opne utgreiinga av ulike alternativ for transportsystem i Bergensområdet er eit godt bidrag til større demokratisk deltaking for berekraftig transport og miljø i regionen.
E16 og Vossabana
13. Fylkesutvalet ber om at E16 og Vossabana vert sett som ein del av regionpakke Bergen. Voss er ein del av pendlarregionen til Bergen, og fylkesutvalet ber om at den varsla felles KVU for E-16 og Vossabanen vert behandla parallelt med Regionpakke Bergen. Denne behandlinga må ikkje forseinke framdrifta i regionpakke Bergen.»
Røystinga
Punkt 1-12, som er dei same som innstillinga frå samferdselsutvalet, vart vedtekne med 14 mot 1 (SV) røyst. Pkt. 13, som var eit forslag sett fram av Arbeidarpartiet ved Ruth Grung, vart samrøystes vedteke.
SV fremja sitt eige alternative forslag, som berre fekk partiet si røyst og fall.
Jernbane
Fremskrittspartiet ved Terje Søviknes fremja dette tilleggsforslaget:
«Jernbanetrase med Intercity-tog for gods- og persontransport nord-sør gjennom Bergen, langs aksen Åsane-Sentrum-Flesland, kan vera eit supplerande tiltak for å løysa det samla transportbehovet i bergensregionen. Fylkesutvalet ber om at det vert etablert dialog med Bergen kommune, Jernbaneverket og NSB for å greia ut dette konseptet nærare. Satsinga må ikkje koma i konflikt med vidare utbygging av Bybanen i Bergen.»
Forslaget fekk fem røyster (Frp, KrF og V) og fall.
Lenkjer
Konseptvalutgreiing (KVU) for transportsystemet i Bergensområdet
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 29. november 2011