
Dei første hurtigladepunkta for elbil kjem no på plass langs E39 Knarvik-Haugesund og E16 mot Voss. Då tek det berre 15 minutt å lade elbilen.
Fem hurtigladepunkt
Pengane skal brukast på fem hurtigladepunkt: Ved Rema 1000 på Fjøsanger, Halhjem ferjekai, Leirvik på Stord, Knarvik, og Dale langs vegen mot Voss.
Skal redusere utsleppa
Pengane kjem frå Transnova, eit prosjekt finansiert av samferdselsdepartementet for å redusere utsleppa frå transportsektoren. Millionen går til Hordaland fylkeskommune, BKK, Bergen kommune og private partnarar som samarbeider om utbygging av ladepunkt for el-bilar i Hordaland.
Brukte 2,3 millionar kroner i fjor
Per Svae, miljøkoordinator i Hordaland fylkeskommune, fortel at i fjor bygde dei ut vanlege ladepunkt i fylket for 2,3 millionar kroner.
– Vidare utbygging av hurtigladepunkt er under førebuing. Med dette vil Hordaland bli heilt i front i Noreg og Europa på infrastruktur for elbilar. Noreg er landet i Europa som har flest elbilar per innbyggjar, etter Monaco. Elbilar var Noregs mest kjøpte småbil i fyrste kvartal 2011.
Kort ladestopp på 15 minutt
Svae understrekar at med hurtiglading treng ein berre 15 minutt ladestopp kvar tiande mil.
– Når infrastrukturen for hurtiglading er på plass langs stamvegane i Noreg, kan elbilen erstatte fossilbilen som den vanlegaste typen ved nybilkjøp i Noreg. Dette kan bli ein realitet i løpet av dette tiåret, i tråd med klimaplan for Hordaland, opplyser Per Svae.
Elbil Bergen-Stavanger
For E39 sørover medfører ladepunkta at det blir mogeleg å køyre heilt til Haugesund. I haust vil fylkeskommunen arbeide for å få hurtigladepunkt på Aksdal ved Haugesund slik at stamvegen til Stavanger vil bli ferdig utbygd for elbil.
– Ein treng då berre tre stopp på 15 minutt for hurtiglading, ein strekk på beina og kanskje ein kopp kaffi. I tillegg sparar ein 497 kroner til ferje og bompengar når ein køyrer denne strekninga med elbil. I tillegg til ladepunktet på Fjøsanger og Halhjem, kjem det hurtigladepunkt på Dale og Knarvik i Bergen og omegn. Med dette blir infrastrukturen klar for yrkeskjøring med elbil i Bergen og omegn. Ladepunkta utvidar rekkevidda slik at elbilar kan køyre varar eller personar heile dagen.
Søkjer etter meir pengar
Hordaland fylkeskommune er i gang med å førebu søknad til Transnova om fleire hurtigladepunkt langs stamvegane. Prioriterte nye ladepunkt er Voss og Norheimsund. I tillegg til hurtigladepunkt på Aksnes ved Haugesund prøver fylkeskommunen å få hurtigladepunkt og ved Oppedal ferjekai i Sogn. Alle desse stadene søkjer fylkeskommunen etter aktuelle samarbeidspartnarar.
Aktuelle nettstader:
Oversikt over ladepunkt i Noreg på nobil.no
Oversikt over elbilar, prisar og eigenskapar på klimabiler.no