To millionar til opplæring av bussjåførar

For å løysa den prekære mangelen på bussjåførar i fylket har Hordaland fylkeskommune løyvd to millionar kroner til opplæring av nye sjåførar. 20 – 25 personar vil no få tilbod om ei gratis utdanning som er garantert å skaffa dei jobb som bussjåfør dei kom


Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har førarkort for minibuss. Rattet i bussane i kollektivtrafikken overlater ho vanlegvis til yrkessjåførane, som dei 20 - 25 nye sjåførane politikarane i Hordaland no har bevilga pengar til å utdanna. 

Som øverste ansvarleg for kollektivtrafikken ønskjer Hordaland fylkeskommune å bidra til å styrka rekrutteringa av bussførarar. Fylkestinget har difor løyvd to millionar kroner til opplæring av nye sjåførar i samsvar med dei nye krava i EU sitt yrkesdirektiv.

Gjennomføra kollektivreformen

- Hordaland er i ferd med å gjennomføra ein stor kollektivreform. Skal vi lukkast er vi avhengig av fleire bussjåførar. Dette er eit politisk tiltak for styrka rekrutteringa. Fylkeskommunen har dei ressursane som er naudsynt for å tilby ei slik opplæring, og vi finn det riktig å prioritera tiltaket i denne situasjonen. Mangel på bussjåførar skal ikkje få hindra reisande som ønskjer det å ta bussen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland.

20 – 25 kandidatar

Løyvinga frå fylkeskommunen inneber at 20 – 25 aktuelle bussjåførkandidatar alt i neste månad vil kunna setja seg på skulebenken for ei 11 veker lang opplæring som skal kvalifisera dei til sertifikat som bussjåfør.

Høge utdanningskostnadar utgjer i dag ein barriere for rekrutteringa av nye bussjåførar. Nye og strengare kompetansekrav til yrkessjåførar inneber at dei som søkjer seg til yrket må betala 80.000 – 100.000 kroner for å verta sertifiserte. Utdanninga kvalifiserer ikkje til studielån.

Høge kostnadar

- Vi har over tid slitt med å få rekruttert nok sjåfører.  En av grunnene er nye krav til opplæring som har økt kostnadene for dem som vil ta førerkort for buss. Vi ser derfor svært positivt på fylkeskommunens tiltak der nye sjåfører blir tilbudt ”busslappen” så å si gratis. Behovet for sjåfører ikke bli mindre i tiden fremover, og vi håper derfor dette er et tiltak som etter hvert også kan videreføres, sier administrerende direktør i Tide Buss, Jostein Hatlebrekke.

Samarbeidstiltak

Opplæringstilbodet er eit samarbeid mellom opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Skyss, NAV, Tide, Nobina og Modalen Eksingedalen Billag. Etter fullført opplæring vil dei nye sjåførane kunna velja kva busselskap dei ønskjer å arbeida for.

Les meir om ordninga

Liv Strømme 29.09.2010 15:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart