Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet set nytt press på regjeringa for å nå målet om ferjefri E39. Komande mandag lanserer dei ein ny, felles offensiv.

Arbeidet med ny Nasjonalt Transportplan (NTP) har starta. I dei fire vestlandsfylka ladar fylkesordførarane kanonane med nye argument for ferjefri kyststamveg (E39) frå Stavanger til Trondheim.
Møta yrkessjåførar
Mandag 4. oktober kl. 14.00 møtes fylkesordførarane Torill Selsvold Nyborg, Tom Tvedt, Nils R. Sandal og Olav Bratland på Mortaviga ferjekai i Rogaland. Fylkesordførarane kjem for å møta bilistar og yrkessjåførar i ferjekø. Kl. 14.30 vert det gjennomgang av Vestlandsrådet si satsing på ferjefri E39 i Mortavika Kafé.
Kan realiserast
"Dette er ein ny offensiv frå eit samla vestland. Alle analyser viser at ein ferjefri kyststamveg er godt realiserbar. No må regjeringa tora investera i infrastruktur", er bodskapen til fylkesordførarane i Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordan og Møre og Romsdal.