Forslaget til regional planstrategi for Hordaland er på høyring med frist 10. oktober. Planstrategien skal ta stilling til kva regionale planspørsmål som er viktige å arbeide med.
Temaområde
Forslaget til regional planstrategi konsentrerer seg om desse temaområda:
- Folkehelse
- Areal
- Transport
- Kultur
- Næring
Heile planstrategien er open for høyring og alle innspel og kommentarar til planforslaget er velkomne. I tillegg vert det invitert til særskilt tilbakemelding på følgjande høyringstema:
- Val av planar som vert foreslått starta opp i perioden
- Innretting av planane
- Forslag til medverknad i det enkelte planarbeidet: i kvar stor grad ønskjer kommunar og andre å medvirke i planarbeidet?
- Kva forventingar det er til fylkeskommunen og andre aktørar si rolle innanfor regional planlegging og utvikling, spesielt knytt til prinsipp for planlegging nedfelt i kapittel 3 Gjennomgåande element i planlegging
Lenke til informasjonsside med høyringsbrev og høyringsforslag
Høyringspartane vert bedne om å sende inn høyringsfråsegnene elektronisk via e-post til Regionalavdelinga@post.hfk.no