Vestlandsrådet er på besøk i Kina for å læra meir om næringsutvikling. Dei første dagane har delgasjonen møtt representantar frå den norske ambassaden, advokatfirmaet Wikborg&Rein, DnBNor, Stordal Møbler, Ekornes, Det Norske Veritas, Statoil og Innovasjon Norge.
Økonomisk tyngdepunkt
- Det økonomiske tygdepunktet i verda er i ferd med å verta flytta austover. Om kort tid vil Kina vera eitt av dei tre største marknadane i verda. Det er viktig å vera i Kina. Det er her det skjer, seier Terje Lang-Ree som jobbar som kommersiell rådgjevar for Innovasjon Norge i Kina.

Bilettekst: - Om kort tid vil Kina vera eitt av dei tre største marknadane i verda. Det er viktig å vera i Kina. Det er her det skjer, seier Terje Lang-Ree ved Innovasjon Norge sitt kontor i Kina.
Lang-Ree syner mellom anna til statistikk som viser at 90 prosent av alle skip som vert bygde i verda anten vert bygde i Japan, Korea eller Kina.
Trangt i døra
- Alle verdas land er representerte her. Alle bankar på, og det er trangt i døropninga. Vestlandet er dei leiande eksportfylke i Norge. Det er difor både gledeleg og viktig at folkevalde frå Vestlandet set av tid til å besøkja landet, sier Lang-Ree.
Fylkesordførar Tom Tvedt i Rogaland og kollega Olva Bratland i Møre og Romsdal leiar delegasjonen. Så langt er dei godt nøgde med opphaldet:
- Kinesisk kultur og politisk struktur er veldig forskjellig frå det vi er vant med. Det er ofte vanskeleg å vita kvar avgjerdene verttekne, og kven som tek dei. Det viser seg at verksemder som har politisk drahjelp heimefrå har betre utsikt for å etablera seg, seier fylkesordførarane.
Vidare planar

Bilettekst: Urban planlegging i stor skala er eit av temaene som opptek vestladske politikarar i Kina.
I dagane framover skal Veslandsrådet besøkja mellom anna Shanghai Urban Planning Development, Donghai, Offshore Windmill og representantar for norske verksemder som har etablert seg i Nordic Industrial Park i Ningbo. Delegasjonen er i Kina i tida 9. – 19. september.
Satsingsområde
Internasjonalt arbeid er eit av dei seks satsingsområda til Vestlandsrådet, saman med saferdsel, innovasjon og næringsutvikling, kystressursforvalting, enegi, miljø og klima og kultur.