Oppfinnarprisen for Hordaland

Hordaland fylkeskommune ønskjer å kåra vinnaren av ”Oppfinnarprisen 2010”. Vinnaren kan venta seg 75.000 kroner i premie. Prisen skal stimulere til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Det er viktig at søkjaren har vilje og evne til å r

- Søkjarane bør vere svært langt framme. Dette med kommersialisering og salg i ein marknad er viktig, eller heilt essensielt. Kun å ha gjort ei oppfinning er ikkje nok. Det er verdiskapinga kring oppfinninga som er fokuset, seier prosjektansvarleg Torill Monstad i Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune som står for det praktiske i tilknyting til konkurransen.

Stor variasjon

Oppfinnarprisen har vore utdelt årleg sidan 1993, med nokre få unntak. Talet på søkjarar har variert frå år til år. Det er stor variasjonen i kva type oppfinning som har vunne: Sjølvgåade reingjeringshjelp, justerbare dørhengsel og medsinsk utstyr er døme på produkt som juryen har funne verdig toppremien. Tekniske eller mekaniske gjenstandar har vore i klart fleirtal.

Ei oppfinning treng ikkje nødvendigvis vera ein patentsøkt, avansert, teknisk duppeditt.  Mange oppfinningar ser dagens lys i miljø som står fjernt frå høgteknologi og mekanisk industri.

Vid definisjon

Retningslinene for prisen opnar for å nytta ein vid definisjon av oppfinning under evalueringsarbeidet.

Dermed kan også framgangsmåtar som foreinklar og effektiviserer kjende prosessar vinna. Også nye tenester, til dømes innan reiseliv, kan vera aktuelle kandidatar. Det treng ikkje nødvendigvis vera ein teknisk gjenstand som er eller vil verta patentsøkt.

Etterlyser kvinner

Aldri har noko kvinne vunne Oppfinnarprisen for Hordaland. Vi er ikkje eingong funnen verdig å motta heidarleg omtale.

- Kvinner er innovative og tyr gjerne til kreative metodar når dei skal løysa problem dei møter i kvardagen. Det ser likevel ut som om dei i liten grad tenkjer at løysinga kan patenterast og kommersialiserast, seier kommunikasjonsrådgjevar Jacob Calmeyer i Patentstyret.

Vektlegg det kommersielle

- Hovudtyngda av patentsøknadane har bakgrunn i teknikk og mekanikk. Tradisjonelle mannsbastionar der kvinnene er underrepresentert. Om vi ser vekk frå medisin og bioteknologi, er det eit faktum at kvinner har ein tendens til å velga vekk yrke som krev realfag til fordel for helsefag, handel, reiseliv eller matfag. Også i desse faga er det mykje kreativitet og eit høgt nivå av innovasjon, utan at det resulterer i like mange patentsøknadar, seier Calmeyer.

- Ved å vektleggja det kommersielle aspektet, og samsundes nytta ein vid definisjon av oppfinning, vonar vi at det også vert meir attraktivt for kvinner å søkja, seier Monstad.

Einsame menn

Ordet ”oppfinnar” gjev gjerne assossiasjonar til Petter Smart og einsame menn som putlar med tekniske ting i ein garasje. Denne tradisjonelle oppfinnaren er ein utryddingstruga art, skal vi tru Calmeyer. Sanninga er snarare at oppfinningar oppstår i møtet mellom menneskjer frå ulike miljø og forskjellig utdanning og erfaring.

Resultat av felles innsats

Å føra ei oppfinning frå idestadiet, via patentering til testbar prototype og deretter til kommersialisering tek tid, og det kostar pengar – mykje pengar. Stadig færre einkeltpersonar har dei ressursane som skal til for å fullføra ein slik krevjande prosess.

- Ei oppfinning er ofte resultatet av ei gruppe sin felles innsats, noko statistikken til Patentstyret over patentsøknadar viser. Vi får inn fleire patentsøknadar frå forskingsmiljø og bedrifter enn frå einskildpersonar, fortel kommunikasjonsrådgjevaren i Patentstyret.

Søknadsfreist 15. oktober

- Også grupper og verksemder kan senda inn søknad til oppfinnarprisen. Husk at søknadsfreisten er 15. oktober, seier Monstad.

 Les meir om oppfinnarprisen

 Retningslinene for oppfinnarprisen for Hordaland

Nokre definisjonar

Kjært barn har mange navn. Her er to viktige skilnadar å halda styr på i samband med Oppfinnarprisen:

Oppfinning

Praktisk løysing på eit (teknisk) problem. Kan vera eit nytt produkt, framgangsmåte eller teneste.

Innovasjon

Eit nytt produkt, teneste, produksjonsprosess, anvendig eller organisasjonsform som er lansert i marknaden eller teke i bruk i produksjonen for å skapa økonomiske verdiar.

Oppfinnar

Person som har oppfunne eit nytt produkt, framgangsmåte eller teneste.

Gründer

Person som har starta eiga verksemd for å kommersialisera ein forretningside.

 
Liv Strømme 27.09.2010 08:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart