Opna landets mest moderne tunnel – Knappetunnelen

– Eg er kjempeglad for at vi endeleg kan opna den mest moderne tunnelen i landet for trafikk. Opninga av denne parsellen på Ringveg vest vil få mykje å seia for trafikkavviklinga i området. Trafikkantar vil heretter sleppa å stå i kø til og frå Sandsli-Ko

Opninga av denne delen av Ringveg vest vil også ha ein svært positiv effekt på bumiljøet på strekninga mellom Straume og Dolvik. Vi reknar med at omlegginga vil føra til at trafikken på dagens vegsystem vert redusert  med ca. 80 %, sa fylkesordføraren.

Også for kollektivtrafikken vil opninga av Knappetunnelen ha positiv effekt. Utbygginga omfattar mellom anna to nye universelt utforma kollektivterminalar. Like eins vil dei nye gang- og sykkelvegane som er ein del av anlegget, verta til store glede og nytte for dei mjuke trafikkantane, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Det er ei stor glede endeleg å få opna Knappetunnelen på Ringveg vest, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg. Frå midten og moty høgre i biletet: Byrådsleiar Monica Mæland, byråd Lisbeth Iversen, leiar i Ytrebygda bydelsstyre Stig Hammerslang og leiar i samferdselsutvalet i Hordaland, Gustav Bahus.

Det er ei stor glede endeleg å få opna Knappetunnelen på Ringveg vest, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg. Frå midten og moty høgre i biletet: Byrådsleiar Monica Mæland, byråd Lisbeth Iversen, leiar i Ytrebygda bydelsstyre Stig Hammerslang og leiar i samferdselsutvalet i Hordaland, Gustav Bahus.

Enkel markering

Det har vore ein fortvilande situasjon at arbeidet med å få testa og dokumentert at alle tryggingssystema fungerer etter nye og strengare krav enn før, vart så tidkrevjande at vi har måtta utsetja opninga med 2-3 månader.

Så då godkjenninga kom etter lunsj i går (torsdag 9. september), avgjorde vi på sparket å opna anlegget i dag, sa fylkesordføraren. – Trafikkantane må få ta det i bruk på dagen, var ein opplagt konklusjon!

Prosjektleiar Ottar Midtkandal orienterte om utbygginga av 1. byggjesteg av Ringveg vest ved opninga av Knappetunnelen.

Prosjektleiar Ottar Midtkandal orienterte om utbygginga av 1. byggjesteg av Ringveg vest ved opninga av Knappetunnelen.

Blomehelsing

Statens vegvesen sin prosjektleiar Ottar Midtkandal orienterte om utbygginga, deretter føretok fylkesordførar Selsvold Nyborg den offisielle opninga og byrådsleiar Monica Mæland gratulerte med eit flott anlegg.

Den enkle markeringa vart avslutta med at dei første bilistane fekk overrekt kvar sin blomebukett.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, innramma av kamera og mikrofonar, overrekte blomster til den første bilisten som fekk køyra gjennom Knappetunnelen.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, innramma av kamera og mikrofonar, overrekte blomster til den første bilisten som fekk køyra gjennom Knappetunnelen.

Største fylkesvegprosjekt

Ringveg vest vart som følgje av forvaltingsreforma frå 1. januar 2010 ein del av fylkesvegnettet i Hordaland.

– Med ein byggjekostnad på 1 334 mill. kr (2010-kr) er dette det største fylkesvegprosjektet vi har opna i Hordaland, sa Selsvold Nyborg. – Eg har med glede merka meg at byggjekostnaden ligg godt under styringsramma på 1 394 mill. kr (2010-kr) som Stortinget fastesette for prosjektet i 2005. Alle honnør til Statens vegvesen og deira prosjektleiinga!

Bergensprogrammet

Ringveg vest er ein del av Bergensprogrammet og vert finansiert gjennom inntekter frå dette (bompengar) og med løyvingar i dei årlege budsjetta til Hordaland fylkeskommune.

Lenkje

Les meir om Ringveg vest 

Stanley Hauge 10.09.2010 16:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart