”Nye Austevoll” er blitt eit verkeleg praktbygg

– ”Nye Austevoll”, som vi kan kalla det, er blitt eit verkeleg praktbygg, lyst og triveleg og med god plass til 260 elevar og studentar, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna Austevoll vidaregåande skule og Austevoll maritime fagskule.

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (f.v.), rektor Håvard Rabben, leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide og ordførar Helge Andre Njåstad er glade for den nybygde skulen i Austevoll.
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (f.v.), rektor Håvard Rabben, leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide og ordførar Helge Andre Njåstad er glade for den nybygde skulen i Austevoll. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

70 millionar kroner
Den tidlegare Fiskarfagskulen i Austevoll er ombygd og fått nybygg for totalt 70 millionar kroner og aukar arealet til 3870 kvadratmeter. Skulen har 35 tilsette. Elevtalet er på 262, av dette 50 elevar i den maritime fagskulen.

Inntrykk første gongen
Fylkesordføraren fortalde om første gongen ho kom til skulen.
– Då var det mykje klagesong, og det gjorde inntrykk då eg kom inn på arbeidsromma til lærarane og såg korleis de hadde det. Dette måtte vi gjere noko med. I dette praktfulle skuleanlegget ligg det verkeleg til rette for gode arbeids- og undervisningsforhold, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Administrasjonen ved skulen heldt til i lokale som er forma som ein båt.
Administrasjonen ved skulen heldt til i lokale som er forma som ein båt.

Ungdom kan ta ferja andre vegen
Leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide sa at skulen har hatt det trongt i ei årrekkje.
– No har skulen fått eit topp moderne bygg som er attraktiv for ungdommen. Skulen bør bli eit naturleg førsteval, ikkje berre for ungdommen her, men også for ungdom som kan ta ferja andre vegen. Vi er stolt av skulen, sa leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide.

Den maritime skulen er prega av maritime element som denne seglbåten på hovudet.
Den maritime skulen er prega av maritime element som denne seglbåten på hovudet.

Lokale entusiastar
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld kom inn på historia til skulen.
– I perspektiv av denne skulens mangslungne historie sidan 1940-åra er det ekstra stas at vi kan gratulere kvarandre med eit topp moderne vidaregåande skuleanlegg i Austevoll kommune. Ein stor takk til lokalsamfunnet, med ordføraren i spissen saman med mange lokale entusiastar. Den sterke viljen og all entusiasmen de har vist og viser for skulen, borgar for ein framleis stø kurs mot eit stadig høgare kompetansenivå både i kommunen og i distriktet elles, sa Fjeld.

Den nye delen av skulen er på 1420 kvadratmeter.
Den nye delen av skulen er på 1420 kvadratmeter.

Takk
Opplæringsdirektøren nytta høvet til å takke sidan dette er den siste av fem skuleopningar denne hausten.
– På vegner av opplæringsavdelinga og alle dei aktuelle elevane og alle dei tilsette på dei aktuelle skulane vil eg takke fylkesordføraren og leiaren i opplærings- og helseutvalet og alle deira medspelarar for at de så sterkt og varig fokuserer på det å skape ein enda betre vidaregåande skule i fylket vårt. Gjennom denne innsatsen er vi i ferd med å få eit enormt løft på den fysiske utrustinga av skulane i fylket. Ved sida av framleis sterk satsing på vidare kompetanseutvikling for skulens tilsette er denne innsatsen mellom dei sikraste korta for framleis berekraftig utvikling i Hordaland. Takk skal de ha! sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.


Den gamle delen av skulen er ombygd.
Den gamle delen av skulen er ombygd.

Sterk posisjon
Rektor Håvard Rabben sa at dette var ein stor dag.
– Denne skulen er viktig for distriktsungdommen, næringslivet og verdiskapinga i heile regionen. Skulen har ein sterk posisjon i lokalsamfunnet. Det merkar vi ofte. Eg er stolt over at lokale entreprenørar vann fram i konkurransen om å byggje skulen. Den er eit praktbygg. Oppdraget var å byggje ein open, inkluderande og framtidsretta skule. Vi har hatt eit svært godt samarbeid med eigedomsseksjonen i fylkeskommunen. Når vi tok opp saker med byggjeleiar Svein Kjellevold, svara han alltid ”Det ordnar vi”. Det er mottoet hans. Alle utfordringar er blitt løyst. Vi har hatt skulen i drift i heile byggjeperioden. Det hadde vi ikkje trudd, sa rektor Håvard Rabben.

Skal inspirere ungdommen til å byrje her
Ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad sa at ungdommen i Austevoll skal velje denne skulen.
– Vi skal vise den fram for ungdomsskuleelevane. Vi skal vise kor fantastisk flott skule vi har fått. Kommunen har aktivt engasjert seg i skulens ve og vel. Vi er nøgde med at Austevoll er mellom dei fem skulane som fylkeskommunen har satsa på i år. Vi skal inspirerer ungdommen til byrje her, sa ordførar Helge Andre Njåstad.

 Både ute og inne er det lagt vekt på avrunda båtformar.
Både ute og inne er det lagt vekt på avrunda båtformar. 

Bjarte Brask Eriksen 15.09.2010 17:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart