Felles markering av samarbeidet
Under heile matfestivalen ”Bønder i byd’n”, som fann stad i Bergen helga 10-12. september, var regionen Basse-Normandie til stades med seglbåten ”Aztec Lady” ved Bryggen. Her var det og ein stand der ein kunne få smakebitar på typiske produkt frå regionen. Dei fruktbare landbruksområda i Normandie har bidratt til lange og markante mattradisjonar og lokale matprodusentar er med å setje regionen på kartet. Dei mest kjende landbruksprodukta frå regionen er camembert og andre mjuke ostar, eplesider og Calvados. Dette var ramma rundt dei felles aktivitetane.
Under pressekonferansen laurdag presenterte leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, saman med regionspresident i Basse-Normandie, Laurent Beauvais, hovudtrekka i samarbeidet mellom regionane. Nestleiar ved Kultur- og idrettsavdelinga, Ronny Skaar ga ein introduksjon til samarbeidsprosjekta på kulturfeltet. Kunstnarleg leiar for Boréales-festivalen, Jerome Remy presenterte årets program for ”Boréales-festivalen” og nokre av dei som tek del i årets festival.
Hordalandsartistar i Boréales festivalen
Festivalen Les Boréales i Basse-Normandie er ei av dei største markeringane av nordisk kultur utanfor Norden. Normandie er oppteken av historia si, og feirar kvart år sine nordiske røter gjennom to veker i november med samtidskunst og kulturuttrykk frå Norden. Under årets festival er Noreg, og særleg Hordaland spesielt inviterte gjester og i løpet av veka frå 20. til 27. november vil en rekke hordalandsartistar bli presentert under merkelappen ”made in Hordaland”.
Gjennom samarbeidsavtalen og kontakten med Hordaland fylkeskommune har Boréales-festivalen fått eit endå betre kontaktnett i Hordaland. Dette har til no resultert i at i november 2010 skal m.a. Carte Blanche, Jo Strømgren Kompani, banda The New Wine og Gorgoroth og forfattarane Gunnar Staalesen og Bjørn Sortland delta på Les Boréales. I tillegg har festivalen initiert eit kunstnarleg samarbeid mellom den franske musikaren Pierre Bastien og den bergenske musikaren og lydkunstnaren Phonophani (Espen Sommer Eide).
Eit aktivt partnarskap mellom Hordaland og Basse-Normandie
Sjølv om deltakinga i Les Boréales er ei av hovudaktivitetane i år, finst det eit mangfald av samarbeidsaktivitetar mellom dei to regionane. Det er fleire skolar som har gjensidige samarbeid og utvekslingar med skolar i Basse-Normandie, på innovasjonsfeltet har det m.a. vore samarbeid om ein speed-dating for forskingsmiljøa under GROW- konferansen. Innan kulturfeltet arbeidast det konkret med å utforme eit felles utstillingsprosjekt om bruken av trevirke, som skal vere med å markere 1100-årsjubileet for det historiske Normandie. Laurdag inviterte Hordaland fylkeskommune og regionrådet i Basse-Normandie dei involverte i mange av disse samarbeidsprosjekta invitert til ei mottaking om bord i ”Aztec Lady” som ei markering av det gode samarbeidet.
Regionspresidentens første vitjing i Hordaland
Dette var første gong regionspresident Laurent Beauvais vitja Hordaland. Samstundes uttalte han
at han følte at han kjente Bergen godt etter å ha lest 7 Varg Veum bøker! Laurent Beauvais er ein stor tilhengar av Gunnar Staalesen, ein forfattar som og skal delta i årets Boréales-festival, og det var tid til ein historisk vandring langs Bryggen, for dei to. Presidenten hadde og bedt om å få ei orientering om fornybar energi på vestlandet, og fikk ein introduksjon til arbeidet til både BKK, CMR-selskapet Prototech og ARENA-prosjektet NOW (Norwegian Offshore Wind). Kanskje kan dette bli det neste samarbeidstemaet for Hordaland og Basse-Normandie?
Regionspresident Beauvais i samtale med Gunnar Staalesen
Meir informasjon
Presseprogram, Boréales(på fransk). Sjå s. 26–46 for dei norske innslaga
Om Normandie på matfestivalen sine sider
Om samarbeidet mellom HFK og Basse-Normandie