Lavrans tok bronse i OL

– Eg vann bronse, og tapte ikkje noko sølv, seier Lavrans Solli, russ til våren på Tertnes vidaregåande. Nyleg var han i Singapore og redda den norske æra med ein flott bronsemedalje på 100 meter rygg i ungdoms-OL. Kursen er staka ut. London 2012 er neste

Lavrans Solli er ein aktiv 18-åring på Tertnes. Nyleg var toppsymjaren i Singapore og redda Noregs ære med bronse i ungdoms-OL Tida vart skarpe 56,20 på 100 meter rygg.
Lavrans Solli er ein aktiv 18-åring på Tertnes. Nyleg var toppsymjaren i Singapore og redda Noregs ære med bronse i ungdoms-OL Tida vart skarpe 56,20 på 100 meter rygg. (alle foto: Tormod Valaker)

– Trenaren min Flemming Skov Jensen og eg er i gang med detaljplanlegginga av opplegget for dei to neste åra, fortel Lavrans. Ambisjonane og viljen er det ingenting å seie noko på. Han sym 10 gonger i veka, om lag fire til seks kilometer i kvar økt. Lavrans og dei tretten andre morgonfuglane frå 1., 2. og 3.året er i full gang med første økta alt kl 0730 i Åstveithallen. 
 
Toppsymjarane på Tertnes er tidleg på farten og trener mykje. Her sit dei klare før siste økta måndag morgon.
Toppsymjarane på Tertnes er tidleg på farten og trener mykje. Her sit dei klare før siste økta måndag morgon.

Media og sosiologi
– Korleis går dette i hop med skulearbeidet?
– Eg synest eg klarar begge delar, sjølv om eg har vore mykje på farten, seier Lavrans, som tek media og sosiologi som studiespesialiserande.
– Kva med USA? Er det ikkje dit alle fer når dei skal bli toppsymjarar?
– Med tida, men ikkje no. Eg trur eg får den beste utviklinga på heimegrunn fram til London. Etter det er det fritt fram, seier han.
Symjing byrja han med som niåring. Lavrans likar å trene, og så langt har han ikkje sett noko til den berykta veggen.
– Enno har eg berre opplevd framgang og hatt stigning i formkurva. Årsplanen min er stemnar, trening og russetid. Eg må vere med, men også ta omsyn til idrett og skule. Eg driv mykje med alternativ, dykking, tennis og meir. På skulen har eg gjort unna mykje, seier ein målretta Lavrans. 
 

Lavrans trivst som fisken i vatnet i det våte elementet. Her får han instruksar av trenar Mike Käkeläinen.

– Eit stort talent
Trenar for dagen er finsk og heiter Mike Kekäläinen. Han er sportsansvarleg for Vestlandsvømmerne, medan Lavrans representerer BSC.
– Lavrans er heilt opplagt eit stort talent, bronsemedaljen hans heng sers høgt, stadfestar Mike.
– Korleis trenar han?
– Det går i basistrening og styrke. Norske symjarar trenar mest fristilteknikkar og crawl. Det er veldig viktig at dei lærer seg armrytmen og korleis armane arbeider saman i bassenget.
– Kva er kjenneteiknet på eit talent?
– Symjing er ein kombinasjon av å kunne halde ut, kraft, fart og teknikk. Fristiltreninga har to teknikkar, sprint og saktare takt, seier Mike og veivar systematisk med armane.

Det er ikkje noko svalestup trenar Mike Käkeläinen her demonstrerer, men kor viktig det er med rett armbruk.
Det er ikkje noko svalestup trenar Mike Käkeläinen her demonstrerer, men kor viktig det er med rett armbruk.

Tormod Valaker 07.09.2010 10:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart