
Utbygginga blir på 117.000 kvadratmeter på det 194 mål store området på Laksevåg. Totalt 2.500 personar vil få arbeidsplass der når utbygginga er ferdig. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Privat planforslag
Fylkeskommunen har fått det private planforslaget til høyring, og kultur- og ressursutvalet seier forslaget er i samsvar med mål nedfelt i fylkesplanen for Hordaland og regionalt utviklingsprogram.

Mange av dei gamle bygningane på verftsområdet er det planar om å rive for å bygge nytt.
1900 fleire arbeidsplassar
Planområdet omfattar Laksevåg verftsområde, samt tilhøyrande sjøareal. Kaiarealet skal utvidast, det skal byggast ny flytedokk, tre nye produksjonshallar og nytt høglager for verftsindustrien, pluss fire nye kontorbygg oppå høglageret. I nord er det planlagt eit kontorbygg på sju etasjar, langs Vågsgaten og Laksevågneset. Heilt sør i området er det planlagt eit høghus til kontor på 12 etasjar. Totalt er det planlagt for 117.000 kvadratmeter nytt næringsareal inkludert 1020 parkeringsplassar. Sysselsetjinga vil auke frå 600 til 2500. Dei fleste av dagens bygningar er føreslått rivne, men fem bygningar og tørrdokken skal takast vare på.

I dag er det 300 parkeringsplassar på verftsområdet. Dette skal auke til 1020.
Bør vurdere reduksjon av høghuset
Kultur- og ressursutvalet har merknader som går på bygging av høghuset og riving av gamle bygningar. Høghuset på 44,5 meter sør i planområdet er i strid med overordna plan som tillet byggehøgder på maksimalt 27 meter for mindre delar av planområdet. Avvik frå overordna føresegner om byggehøgder sentralt i Bergen er i strid med målet om føreseieleg planlegging og i strid med regionale mål om forvaltning av bylandskap. Kultur- og ressursutvalet ber om at høgda på bygget blir vurdert redusert slik at det er i samsvar med overordna plan.

Heilt i sør på verftområdet er det planlagt eit kontorbygg på 12 etasjar med ei høgde på 44,5 meter.
Kulturmiljø
Planforslaget inneber vidare riving av eit kulturmiljø med særs høg kulturminneverdi. Planen bør omarbeidast slik at eit større tal med bygningar med kulturminneverdi blir ivaretekne og at heilskapen i kulturmiljøet ikkje vert skipla. Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til planforslaget grunna omsynet til kulturminneinteressene.

Like nord for den eksisterande flytedokken på Laksevåg er det planlagt ein ny flytedokk vegg-i-vegg.