Det var ei verdig og flott markering av det unike kulturlandskapet på Ulvund og eldsjelene som held det i hevd. Samlinga vart halden på Myrkdalsstovo 31. august. Mange aktørar frå Voss kommune, Universitetet i Bergen, landbruksrådgjevinga, fylkesmannen, Hordaland fylkeskommune og næringsorganisasjonane i landbruket medverka med helsingar og gåver til at ramma rundt feiringa vart høgtidleg og minnerik.
Grunngjeving for årets regionale pris
Grunngjevinga for tildelinga av kulturlandskapsprisen 2010 er gardbrukarane sin mangeårige innsats for skjøtsel av det biologiske mangfaldet representert ved slåttenger og styvingstre. Det særmerkte bratte landskapet på Ulvund vert drive tradisjonelt med hesjing og lauving.

Prisvinnarane saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Det internasjonale naturmangfaldåret
2010 er det Internasjonale Naturmangfaldåret og prisen vert gjeven til Ulvund som eit nasjonalt og verdifullt kulturlandskap. Landskapet her vart i 1993 kartlagd i den nasjonale registreringa av verdfulle kulturlandskap. I 2009 kom garden med i den nasjonale handlingsplanen for slåttenger. Erfaringar og kunnskap som gardbrukarane på Ulvund har om den tradisjonelle vestlandsgarden og driftssystema, har vore viktig for utvikliga av det Regionale miljøprogrammet for jordbruket i Hordaland. Garden og stølslandskapet er gjort tilgjengeleg for ålmenta ved merking av stiar og kart med informasjon om driftsformene og gardshistoria.
Helsing frå fylkesordføraren
I helsinga frå fylkesordføringa avslutta ho med å seie: Eg vil få gratulere grunneigarane på Ulvund gard med prisen og ynskje lukke til i det vidare arbeidet med å ta vare på verdfullt kulturlandskap. Måtte prisen auke interessa, merksemda og respekten for dette arbeidet.
Les meir om prisvinnarane
Prisvinnarane saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.