Engasjert Kronprins underviste elevar i respekt og verdigheit

– Han var svært engasjert, seier Aminata Banden, elev i 1. klasse ved Olsvikåsen videregående skole, etter at Kronprins Haakon hadde undervist klassen hennar om respekt og verdigheit.

Kronprins Haakon helsar på Aminata Banden, elev ved Olsvikåsen videregående skole, som deltok i timen hans.
Kronprins Haakon helsar på Aminata Banden, elev ved Olsvikåsen videregående skole, som deltok i timen hans. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Leve eit verdig liv
Kronprinsen vitja Olsvikåsen videregående skole 28. september for å lære elevane om korleis vi kan leve eit verdig liv. Han har starta den internasjonale organisasjonen Global Dignity som har gjennomført tilsvarande undervisingsopplegg i skular i 50 land.
– Tanken er at elevane skal stille seg spørsmål om korleis dei vil bruke livet og kven dei vil vere.  For å bevisstgjere elevane om verdigheit lar vi dei fortelje sine eigne historier, seier Kronprinsen.

Kronprins Haakon vart teken i mot av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Kronprins Haakon vart teken i mot av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Køyrde på eit tre
Aminata Banden fortalte Kronprinsen si historie om korleis ho vart bevisstgjort om verdigheit.
– Foreldra mine er frå Gambia, og ein gong vi var der, køyrde vi på eit tre. Vi kom alle relativt fint frå det, men bilen var øydelagt. Det kom ein mann syklande forbi. Han stoppa og såg til oss. Så sykla han av garde og fekk tak i ein bil, slik at vi fekk hjelp og kom oss vidare. Det var fint at han tok ansvar og gav oss hjelp i den situasjonen vi var i, seier Aminata Banden.

Kronprins Haakon underviste ein klasse ved Olsvikåsen videregående skole i temaet respekt og verdigheit.
Kronprins Haakon underviste ein klasse ved Olsvikåsen videregående skole i temaet respekt og verdigheit.

Mange historier
Det er slik verdigheit Kronprinsen ønskjer å bevisstgjere elevane i den vidaregåande skulen om.
– Ungdommane var flinke til å velje tema vi snakket om. Dei hadde mange historier å fortelje,
nokre store og viktige om korleis det er å kome frå andre land til Noreg og korleis det er å tilpasse seg eit nytt samfunn, til historier frå nærmiljøet om gode hjelparar. Dette handlar om sjølvrespekt og sjølvtillit. Har du sjølvrespekt og sjølvtillit er det er lettare å gjere noko for andre. Dette gjer elevane meir bevisst neste gong dei kjem i slike situasjonar. Vi vil skape eit meir engasjert samfunn der vi tar vare på kvarandre. Det var utruleg spennande å høyre historiene elevane fortalde. Dei var flinke til å forstå omgrepet verdigheit og relatere det til eigne historier og døme. Eg blir optimistisk for framtida. Dette lovar fint, seier Kronprins Haakon.

Elevane ved Olsvikåsen videregående skole møtte fram for å ta i mot Kronprins Haakon.
Elevane ved Olsvikåsen videregående skole møtte fram for å ta i mot Kronprins Haakon.

Global verdigheitsdag i 50 land
20. oktober blir den globale verdigheitsdagen arrangert i 50 land i heile verda. 10 vidaregåande skular i Hordaland er med på arrangementet og leiarar frå desse skulande deltok på Olsvikåsen videregående skole. Kronprins Haakon rettar og merksemda på TV-aksjonen som går av stabelen søndag 24. oktober til inntekt for Flyktninghjelpen og deira arbeid for menneske i kriseråka område og Operasjon Dagsverk torsdag 28. oktober.

Bjarte Brask Eriksen 29.09.2010 16:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart