Etter at skulen frå den spede starten med filialklassar i 1978 og fram til i haust, har halde til i leigde lokale, kan me no endeleg ynskja elevar og tislette velkomne i ein ny og moderne skulebygning, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ved opninga.

Den nye Osterøy vidaregåande skule på Hatland, Lonevåg. Større foto.
Lokale pådrivarar
Osterøysamfunnet – kommune, næringsliv og organisasjonar – har vore sterke pådrivarar og medspelarar for å realisera den nye skulen. De har sanneleg stått på og de har vore flinke til å få oss fylkespolitikarar med dykk. Eg vil nytta høvet til å takka for godt samarbeid, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Den gode kontakten skulen har med lokalsamfunnet må de ta med dykk inn i nybygget, oppfordra ho.
Tiltrengt nybygg
Osterøy vidaregåande skule har no fått nye, flotte lokale som var sårt tiltrengt. Nybygget gjev dykk eit konkurransefortrinn, sa leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide.
Utbygginga her viser at Hordaland fylkeskommune satsar på og maktar å byggja ut dei vidaregåande skulane både sentralt i fylket og i distrikta, sa utvalsleiar Stenseide. Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld streka også under at Osterøy vidaregåande skule er ein del av fylkeskommunen si satsing på eit desentralisert skuletilbod.

Stolte over den nye skulen på Osterøy. Frå venstre: Rektor Aud Søilen, opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Førebilete
Både Stenseide og opplæringsdirektør Fjeld trekte fram at Osterøy vidaregåande er ein føregangsskule når det gjeld samarbeid mellom skule, næringsliv og kommune.
I samarbeidet med næringslivet er de eit førebilete for heile landet med det som skjer ved kompetansesenteret for CNC og robothandertering. Ja, det vekkjer til og med interesse internasjonalt, sa opplæringsdirektør Fjeld.

Osterøy vidaregåande skule er eit førebilete på godt samarbeid mellom skule, næringsliv og lokalsamfunn, sa Roald Stenseide - leiar i opplærings- og helseutvalet.
Bruk skulen
Opplæringsdirektøren uttrykte håp om at lokalsamfunnet vil bruka skulen fullt ut, utnytta kapasiteten og ikkje senda elevane andre stader.
Med nybygget er det fysiske arbeidsmiljøet for elevar og lærarar radikalt forbetra. Det er eg sikker på vil gje positive resultat. I fylkesleiinga har me store forventningar til utviklinga ved Osterøy vidaregåande, sa opplæringsdirektør Fjeld.
Han oppmoda elevane om å ta vare på skulen. Ver stolte av den, og overlet den til neste elevkull i same flotte stand som den er i dag, var oppmodinga frå utvalsleiar Stenseide.
Godt samarbeid
Rektor Aud Søilen la også vekt på at det lokale initiativet og engasjementet har vore viktig for å få realisert nybygget. Ho trekte mellom anna fram at Osterøy kommune hadde stilt gratis tomt til bruk.

Rektor Aud Søilen trekte mellom anna fram det gode samarbeidet i byggjeprosessen, både med fylkeskommunen sin eigedomsseksjon og med entrprenørfirmaet Strand AS.
Eg må også nytta høvet til å trekkje fram det gode samarbeidet som har vore i byggjeprosessen både med fylkeskommunen sin eigedomsseksjon og med entreprenøren og andre som har sått for bygginga, sa rektor Søilen. – Det har vore mogleg å få til justeringar og tilpassingar under vegs som har gjort skulebygget endå betre og meir tenleg.
På rett veg
Eigedomssjef Helge Haavardtun sa i si orientering om skulebygningen at kostnaden er på 123 mill. kr inkludert 6 mill. kr for den nye tannklinikken som er ein del av bygningen. Skulen har eit bruttoareal på 4 540 m2 og er dimensjonert for 214 elevar.
Dette skuleåret har me 176 elevar, medan det var ca. 100 for tre år sidan. Dei fleste yrkesfagklassane er fulle, medan det enno er god plass på studiespesialiserande. Men til Vg1 studiespesialiserande har me i år 24 elevar, og eg håpar det talet vil stabilsera seg dei komande åra, sa rektor Søilen.
Det ser også ut til at me får fleire elevar frå andre kommunar enn Osterøy, i år har 30 «utanfrå» – fleire enn nokon gong før, sa Søilen.

I dei nye moderne lokala får vi ein god skule i gode lokale, sa ein stolt Osterøy-ordførar, Kari Foseid Aakre, ved opninga.
Stolt ordførar
– Me er umåteleg stolt over det flotte opplæringssenteret me har fått på Osterøy. Skulen er ein milepåle – den første fylkeskommunale bygningen her i kommunen, sa ein stolt Osterøy-ordførar – Kari Foseid Aakre.
– Me har hatt ein god skule i dårlege lokale. Elevar og lærarar har fortent betre. No får me ein god skule i gode lokale – i eit topp moderne bygg, sa ordføraren.

Dette vert kanonbra! sa ein entusiastisk leiar i Osterøy industrilag - Lars Magne Bysheim.
Kanonbra!
Det er kollossalt viktig for lokalsamfunnet å ha ein oppegåande vidaregåande skule. Med nybygget her på Hatland er det vorte kanonbra, sa ein engasjert Lars Magne Bysheim – bedriftseigar og leiar i Osterøy industrilag.
Bysheim trekte også fram at det alltid har vore eit godt samarbeid mellom den vidaregåande skulen og næringslivet i kommunen. Han sa også at Hordaland fylkeskommune har stilt opp – med fylkesordføraren i spissen. For oss står du fram som ein frontfigur i denne satsinga, sa industrilangsleiar Bysheim.

Kakene på Kompetansesenteret for CNC og robothandtering vart sjølvsagt serverte av ein robot!