Elevar laga garderobebygg

I desse dagar skjer den siste finpussen på det nye garderobebygget ved Os vidaregåande skule på Kolskogen. Det er elevane på bygg og anleggsfaga ved skulen som har bygd anlegget.


Det 180 kvadratmeter store bygget vil innehalda garasje og lager i underetasjen og garderobar/dusjanlegg for 90 elevar i etasjen over, fortel ein stolt rektor Bjørn Birknes. Bygget vart ferdigstilt i vår og vart teke i bruk med ein gong.

Forutan elevar på tømrar- og anleggsfaga har elevar på elektrolinja og transportavdelinga ved skulen bidrege i byggeprosessen.

Motiverande

- Det er motiverande for elevane å vera med på å reisa eit bygg som dei sjølve og medelevane deira skal nytta og ha glede av, seier rektor. Særleg skuletrøtte elevar har stor glede av å få utfalda seg i ein praktisk arbeidssituasjon, trur rektor.

Krav om fagleg praksis inngår som del av undervisinga på yrkesfaga. Alternativet hadde vore å la elevane å byggja modellar i liten skala.

Reduserte kostnadar

- Reduserte byggekostnadar er ein annan fordel med å nytta elevar som arbeidskraft. No slepp fylkeskommunen som er byggherre unna med planleggings- og materialkostnadane. Eigedomsavdelinga har sjølvsagt også ansvar for at nybygget oppfyller alle byggtekniske krav, fortel Birknes.

Bygginga har skjedd i praksistimane. Teoriundervisinga har gått som vanleg. Resultatet er at byggeprosessen har teke noko lenger tid, men det var rektor innforstått med før prosektet starta. Elevane skal jo ha undervisning i tekniske fag også.

Planar om utviding

Prosjektet har gjeve rektor Birknes blod på tann. Planane om eit tilbygg til garderobeanlegget ligg alt til godkjenning hos Eigedomsavdelinga og Opplæringsavdelinga. Tilbygget skal omfatta klasserom for byggavdelinga og ambulanseklassen i tillegg til verkstad for byggfag.

- I dag leiger vi lokale ”på bygda” til ambulanseutdanninga. Ved å flytta den inn på skulen sitt område vil vi kunna spara kring 180.000 kroner årleg i husleige, sier Birknes.

 

Liv Strømme 13.09.2010 10:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart