Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som i haust har gleda av å opna to heilt nybygde skular og tre større tilbygg, var også svært nøgd med det ho såg på Husnes.

Kvinnherad vgs. - nybygget til høgre.
— Dei flotte og velustyrte lokala eg fekk sjå ved omvisninga i dag, står i skarpt kontrast til forholda i 2006 då eg var på synfaring her, sa fylkesordføraren. Ho omtala gamlebygget som eit kråkeslott og sa at det gjorde ikkje situasjonen enklare at ein måtte ha undervisning fleire stader.
– I dag opnar me eit flott og tenleg bygg. Det bringar Kvinnherad vidaregåande skule opp i toppklassen som ein av dei flottaste og best utstyrde skulane til Hordaland fylkeskommune, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Nybygget me opnar i dag, gjev dykk ein skule i toppklassen i Hordaland, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Signingsferd
Leiar i opplærings- og helseutvalet, Roald Stenseide, sa at det ei glede å vera utdanningspolitikar i fylkeskommunen i haust. Me ser no fruktene av den store satsinga på å fornya og byggja ut dei vidaregåande skulane. Det er nesten som ei signingsferd gjennom fylket for tida.
Lokale og utstyr
Stenseide sa seg glad for at fylkeskommunen har makta både å byggja ut vidaregåande skular både i sentrale strok og i distrikta. Me har også lagt vekt på at det ikkje berre trengst betre bygningar, men dei må også vera utrusta med godt utstyr. Frå fylkestinget si side har me difor styrkt løyvingane til utstyr.
Utvalsleiaren kommenterte også fråfallet i vidaregåande skule, noko som det er viktig å få redusert. Gode skular og gode lærarar er heilt sentralt for å sikra at færrast mogleg sluttar, og me i Hordaland er i god gjenge, sa han.

Glad og nøgd kvartett, frå venstre: Leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld og rektor Audun Bjelland.
Særeigen arkitektur
Kvinnherad vidaregåande skule har fått ein særeigen arkitektur – nokon vil også seia vakker, som me kan gleda oss over. Men det er først og fremst elevane sitt læringsbehov og vekstbehov, som ligg til grunn for dei skulane Hordaland fylkeskommune byggjer, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i si opningshelsing.
Slik Kvinnherad vgs. no står fram, har skulen alt i seg for å vera ein god lærestad og til å skapa ei kompetanseframtid for elevane, sa opplæringsdirektøren.
Glad for satsinga
Ordførar i Kvinnherad kommune, Synnøve Solbakken, sa seg gald for at fylkeskommunen satsar på skulen på Husnes med ei kraftig opprusting og oppgradering. Det er ein stor dag for heile kommunen.

Eigedomssjef Helge Haavardtun kunne ynskja velkomen til opningsfest ute - i strålande haustver.
Godt samarbeid
Eigedomssjef Helge Haavardtun trekte under si orientering om nybygget fram det gode samarbeidet som har vore under utbygginga. Det er inga enkel sak å driva skulen samstundes som lokale skal byggjast om og nye byggjast like ved.
Det har gått utruleg bra her ved skulen, noko både skulen og byggjemannskapa skal ha stor takk for. Takka vart av rektor Bjelland og fleire andre returnert til eigedomssjefen og medarbeidarane hans.
Flott markering
Det strålande haustveret la ei flott ramme kring opningsarrangementet som vart halde utandørs ved skulelokala på Husnes.
Egil Vaage, lærar ved skulen, opna festsamkoma ved å framføra Malmangernuten på fele. Flott underhaldning var det ved Karina Opdal (song), Thomas Johanson (trompet) Bjørn Tarberg (gitar). Det må også nemnast at elevane ved restaurant- og matfag hadde sytt for kjempegod tapasmat til opninga.
Lenkjer
Brosjyre om Kvinnherad vidaregåande skule - nybygg (pdf-fil)
Hussnes nett: Opningsfest ved KVV: – Ein fargerik brikke i fylket sine skuletilbod
Foto
Foto frå skulen og opninga:

Lyse og fine lokale.

Restaurant-faga har fått eit flott og velutstyrt nytt kjøkken.

Den nye fysikksalen ved Kvinnherad vidaregåande skule er velutrusta kan eigedomssjef Helge Haavardtun (t.v.), akitekt Gunnar K. Rosendahl og prosjektleiar Svein H. Kjellevold (t.h.) konstatera.

Med Malmangernuten på fele opna Egil Vaage festsamkoma.

Flott underhaldning ved Karina Opdal (song), Thomas Johanson (trompet) Bjørn Tarberg (gitar).