Fylkesrådmann Paul M. Nilsen underteikna kontrakten med Bro- og tunnelselskapet 20. september.
Kontrakten gjeld for tre år og med opsjon på inntil eitt år. Innkrevjingsperioden som kontrakten gjeld for startar 10. desember i år. For Bro- og tunnelselskapet vert det ei vidareføring av innkrevjinga som selskapet står for i dag.
Berre to firma leverte anbod. Bro- og tunnelselskapet var klart billegast.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen (t.v.) og administrerande direktør Trond Juvik i Bro- og tunnelselskapet signerte 20. september kontrakt om innkrevjing av bompengar på E134 Åkrafjorden.
Bomstopp i 2014
Per 1. januar 2010 stod det att å krevja inn 75 mill. kr før den vedtekne bompengesummen til utbygginga av Rullestadjuvet er dekka inn. Årleg kjem det brutto inn ca. 20 mill. kr frå bomstasjonen i Åkrafjorden. Med tilsvarande summar i åra framover er det venta at innkrevjinga vil verta avslutta i 2014.
Ved bomstasjonen i Åkrafjorden passerte det 546 160 kjøretøy i 2009 og det vart kravd inn 20,3 mill. kr.
Bro- og tunnelselskapet
Bro- og tunnelselskapet står for innkrevjing ved 25 bompengeprosjekt i heile landet, og dei krev inn om lag 1/3 av dei ca. 5,5 milliardar kroner som vert kravde inn ved bompengeprosjekt i Noreg. I Hordaland krev Bro- og tunnelselskapet inn ca. 500 mill. kr av dei knapt 700 mill. kr som vert betalt i bompengar her i fylket.
Lenkjer
Åkrafjord bompengeinnkrevjing
Bro- og tunnelselskapet