
– Storbritannia og Noreg har sterkt samband, seier den nye britiske ambassadøren, Jane Owen, som diskuterte aktuelle politiske saker med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Utviklingstrendane
– Vi snakka om utviklingstrendane i Hordaland, aktuelle politiske saker og utveksla erfaringar frå Storbritannia. Det viste seg at vi er opptekne av mange av dei same sakene som kraft, miljø, klima og utfordringar framover, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Kraftlinjer i Skottland
Ambassadør Jane Owen fortel at dei har hatt mykje av dei same problemstillingane som vi har hatt rundt dei planlagde monstermastene i Hardanger. I Skottland har planar om kraftlinjer også skapt eit stort folkeleg engasjement.
Internasjonale klimainitiativ
– Storbritannia og Noreg har sterkt samband innan energi, forsvar, handel og kultur. Noreg forsyner oss med en stor del av oljen og gassen vi importerer og vi arbeider saman for å utvikle miljøvennlege teknologiar og tar internasjonale klimainitiativ, seier Owen, som er ny ambassadør til Noreg etter det britiske valet i vår.
Ferie i Gjermundshamn
Dette er andre gongen ambassadør Owen er i Bergen, men første gang ho møter fylkeskommunen. I sommar var ho på ferie ei veke i ei hytte i Gjermundshamn og hadde eit fint opphald. Owen synest Hordaland er eit flott fylke.
Frå fylkesordføraren til Sponheim
Frå den timeslange vitjinga hos fylkesordføraren, reiste ambassadør Jane Owen vidare til fylkesmann Lars Sponheim. I følgjet til ambassadøren var den britiske konsulen Rolf Hestness som har sete i Bergen.