Paul J. Manger byrjar som seksjonsleiar 1. november. Fram til då er Marit Einen fungerande seksjonsleiar.
Tre hovudarbeidsområde
Internasjonal seksjon skal vere ein pådrivar og støttespelar for auka satsing på internasjonalt arbeid innanfor fylkeskommunen sine prioriterte innsatsområde. Arbeidet skal byggje på internasjonal strategi som vart vedtatt av fylkestinget i mars 2009. Det skal leggjast stor vekt på å støtte opp under og koordinere internasjonalt arbeid i dei ulike avdelingane i fylkeskommunen. Seksjonen skal elles også vidareføre prioriterte oppgåver frå Europakontoret og tidlegare Internasjonalt arbeidslag.
Seksjonen skal ha tre hovudarbeidsområde:
1. Stimulere og støtte fagavdelingane til internasjonalt arbeid, både når det gjeld deltaking i EU/EØS-program, samhandling med våre samarbeidsregionar, deltaking i internasjonale organisasjonar og andre tematiske internasjonale aktivitetar
2. Ivareta spesialfunksjonar knytt til fylkeskommunens internasjonale arbeid
3. Stimulere og støtte kommunane til auka internasjonal aktivitet
Prioriterte tema
Fylkestinget har i den vedtatte internasjonale strategien for Hordaland fylkeskommune sett opp fire prioriterte tema for det internasjonale arbeidet:
- Ungdom
- Kunnskapsbasert innovasjon
- Klima, energi og miljø
- Sjøretta aktivitetar
Det internasjonale arbeidet vil særleg vere knytt til:
- Deltaking i internasjonale organisasjonar
- Program- og prosjektarbeid
- Innsats saman med våre samarbeidsregionar
- Vest-Norges Brusselkontor
Styrka innsats
- Hordaland fylkeskommune har i mange år hatt brei og omfattande internasjonal aktivitet. Internasjonal seksjon skal byggje vidare på dette, og arbeide for endå sterkare internasjonal aktivitet innanfor fylkeskommunen sine ulike fagfelt, seier regionaldirektør Jan Per Styve.
- Vi skal fortsett yte tenester utad til kommunar, organisasjonar og andre aktuelle målgrupper. Men det skal framover brukast meir ressursar på å stimulere og støtte opp under fagavdelingane sitt internasjonale arbeid. Omfanget av eksternt retta tenester må tilpassast utifrå dette, seier Styve.