Aktiv alderdom – auka trivsel

- Det er aldri for seint å starta eit aktivt liv! Det du gjer i dag vil ha innverknad på korleis morgondagen vert. Eldredagen 1. oktober er eit viktig tiltak for å informera eldre om korleis ein gjennom aktivitet kan førebygga eller betra si eiga helsa, s


- Eldredagen kan gje inspirasjon og motivasjon til førebyggjande helsetiltak som aukar livskvaliteten, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Som tidlegare sjukepleiar og sjukepleielektor veit fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mykje om kor viktig det er å engasjera seg i eiga helse. Sett med hennar briller vert Eldredagen ein viktig møteplass der førebyggjande helsetiltak for eldre vert drøfta.

Eldredagen

- Alle over 60 og som har høve til det, bør ta turen til Fysakhallen 1. oktober. Her kan de henta inspirasjon og motivasjon til førebyggjande helsetiltak som gjev auka livskvalitet og som de kan praktisera på eiga hand seinare, oppfordrar ho.

Eldredagen vil by på tiltak som er tilpassa aldersgruppa sin situasjon. Boccia, seniordans, stavgang og stoltrim er døme på aktivitetstilbodet i Fysakhallen denne dagen. Dei som er opptekne av å halda hjernecellene i trim, får hjelp til å setja seg inn i PC-bruk og oppkopling mot internett og verdsveven.

Tilpassa aldersgruppa

- Det er aldri for seint å starta eit aktivt liv! Tvert om. Men gløym Stoltzekleiven! Ettersom åra går vert det naturleg å møta verda i eit rolegare tempo. Dess lavare nivå du startar på, dess bedre effekt vil du få. Vaksne og eldre bør vera aktive i minst 30 minutter kvar dag, seier den tidlegare sjukepleielektoren.

Fylkesordføraren sine sunnhetstips

Sjølv er Torill Selsvold Nyborg kvikk og rørsleg i kroppen. Du skal kjenna dama godt for å vita at neste fødselsdag, ja då kjem 6-talet først. Korleis klarar ho det? Her delar ho nokre av sunnhetstipsa sine:

- Det viktigaste er å finna på tiltak som er tilpassa den kvardagen ein lever, slik at det vert lett og lystbetont å setja av tid til å gjennomføra dei, rår ho.

Sosialt samver, sunn mat og spaserturar i raskt tempo er stikkorda for fylkesordføraren sine eigne førebyggjande helsetiltak:

- I jobben min vert det mange seine middagar, og ikkje alltid like einkelt å få tid til trim og trening. Eg er dessutan eit sosialt menneske som elskar å sitja og prata over kaffi og kaker, tilstår Selsvold Nyborg.

Overskot

Det sosiale samveret gjev psykisk overskot til å meistra den krevjande jobben. Dei seine middagane kompenserer ho for ved å laga mat frå grunnen av når ho kan nyta ein sjeldan ettermiddag i heimen. Frukt og grønnsaker er det rikeleg av i min kvardagsmeny, seier ho.

Då er det verre å få tid til fysisk trening. I sommarhalvåret, når sola skin og kveldane er lange og lyse, vert det gjerne gode spaserturar i utmarksområda på Sotra. Både Nordsjøløypa og andre merka stiar ventar, ikkje så veldig langt frå stovedøra heime.

- Det vert helst trening i krafttak, når eg merkar eg har site for mykje i ro og ete for mange kaker, smiler Torill Selsvold Nyborg.

Lenkje

Invitasjon til eldredagen som pdf-fil 

 

Liv Strømme 21.09.2010 14:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart