
(foto: Håvard Sæbø)
Så langt i år er 1.257 elevar med ungdomsrett sikra læreplass.
I vekene etter skulestart har fagopplæringskontoret klart å kutta lista over ungdom som mangla læreplass med to tredelar. Men framleis er det 140 ungdommar som ønskjer seg ein fot innanfor på arbeidsmarknaden, og som enno ikkje veit kva dei skal ta seg til denne hausten.
Finanskrisa
- Det verkar som om finanskrisa heng att enno. Tilbakemeldingane vi får frå næringslivet tilseier at mange verksemder er usikre på framtida. Dei har liten ordrereserve og kvir seg difor for å forplikta seg dei to åra det tek å føra ein lærling fram til fagprøven, seier Fredheim.
Elevane utan læreplass fordelar seg på 45 av dei vel 120 fagopplæringstilboda i fylket. Verst er likevel situasjonen på bilfag, lette køyretøy, der det er 30 håpefulle ungdomar som ventar på læreplass. 26 unge står i kø for å verta elektrikar, og 12 manglar plass på tømrarfaget, fortel rådgjevar Grethe Juvik Lohne.
Nyttig arbeidskraft
- Verksemder som tek inn lærlingar oppdagar raskt at dette er nyttig arbeidskraft. Dei har jo to års utdanning bak seg, med praksis som ein viktig del av timeplanen, seier Fredheim.
Det nye garderobebygget ved Os vidaregåande, som er laga av elevane ved bygg- og anleggsfaga ved skulen, er eit godt døme på at elevane sin faglege kompetanse tilfredstiller faglege krav.
Opplæringsinnsatsen som verksemda må setja inn den første tida, før lærlingane er i stand til å delta i verdiskapande arbeid, vil langt på veg verta kompensert av lærlingetilskotet frå fylkeskommunen. I år utgjer tilskotet 102.000 kroner. På grunn av den spesielt vanskelege situasjonen, har fylkeskommunen i år 18 millionar kroner å fordela i ekstraordinært tilskot til verksemder som ser anledning til å ta inn ein ekstra lærling dette året, samanlikna med i fjor.
Skuletrøytt
- Næringslivet vil ha dei beste elevane, og dei som no manglar læreplass har nok ikkje vore mellom dei flittigaste elevane. Årets elevar er likevel ikkje verre stilt når det gjeld fråvær og snittkarakerar enn dei som har sikra seg læreplass tidlegare år, trur fagopplæringssjefen.
- Vi har sett mange døme på skuletrøytte ungdomar som ”vaknar”, stortrivst og vert dyktigaste lærlingen på ”golvet” når dei kjem seg ut i arbeidslivet og vert stilt krav til, legg Fredheim til.
Oppfylla krava til fagplan
Ikkje alle verksemder har ei breidde i aktivitetane som gjer at dei oppfyller krava til læreverksemder. Det gjeld til dømes barnehagar, som ikkje tilfredstiller krava til praksis i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Lokale opplæringskontor kan i slike situasjonar hjelpa til med å sy saman læreplanar der fleire verksemder deler på opplæringa, seier Lohne.
Ekstraklassar
Som eit siste forsøk på å sikra flest mogeleg elevar relevant opplæring fram til fagprøven, kjem Hordaland fylkeskommune til å oppretta klassar på VG3 i dei faga der behovet er størst.
- Elevane vil få til eit tilbod som tek dei fram til fagprøven, men klasseromsundervising gjev ikkje same faglege innsikten som praksis ute i næringslivet, seier Fredheim.
Ledige plassar på helsefag
Men det er ikkje berre læreplassar det er mangel på. Fagopplæringskontoret får også henvendingar frå institusjonar og verksemder som manglar lærlingar. Helseinstiusjonar til dømes. Også frisør- og kokkefaga har overkapasitet på læreplassar samanlikna med interessa frå elevane.
- Det høyrer diverre til unnataka at verksemdene vil ta inn lærlingar som har den grunnleggjande utdanninga si frå andre fag. Medan samfunnet ønskjer å gje ei mest mogeleg generell opplæring, slik at arbeidskrafta vert fleksibel og kan skifta yrke seinare i livet, føretrekkjer næringslivet arbeidstakarar med spisskompetanse, sukkar opplæringssjef Ole G. Fredheim.
- Dei som veit om verksemder som kan ha behov for lærlingar, bør kontakta fagopplæringsavdelinga snarast. Tlf. 55 23 99 00 eller 55 23 99 01, oppfordrar Lohne.