
Produksjon av tønner er ei familieverksemd: Johannes M. Tysse, kona Hjørdis og sonen Odd Magnar med tønner i ulike storleikar opp til 10 liter. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Får nytt liv
Fjordtønna er eit såkalla economuseé, eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visningssenter med produksjon, utstilling og sal av produkta. Sponheim, som tidlegare landbruksminister, var glad han fekk æra av å opne visningssenteret.
– Dette er eit nedlagt gardsbruk, men det ser ikkje særleg nedlagt ut. Her er det velstelt. Eg er oppteken av å få fram det fargerike på bygdene. Alle har et forhold til tønner. Dette viser korleis vi kan ta vare på bygdene våre. Eg trur dette er riktig drift for dette bruket,
sa fylkesmann Lars Sponheim.

Fylkesmann Lars Sponheim klipte snora som markerte opninga av visningssenteret i Tysse.
Levande kulturarv
– Her blir levande kulturarv teken vare på gjennom å byggje visningssenter, seier Helge Andre Njåstad som er svært nøgd med economuseékonseptet. Han er leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland og styreleiar av EU-prosjektet om å utvikle nye economuseé i Europa og Canada.
– Prosjektet blir vidareført i tre nye år. Planen er å etablere fem nye economuseé på Vestlandet. Dette fører til fleire folk på besøk og auka omsetnad, seier Njåstad.

Helge Andre Njåstad, leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland og styreleiar av EU-prosjektet om economuseé, (f.v.), fylkesmann Lars Sponheim og ordførar i Samnanger, Marit A. Aase stod for opninga av det nye visningssenteret for småtønneproduksjon i Tysse.
Spennande prosjekt
Ordførar Marit A. Aase i Samnanger synest prosjektet er spennande.
– Dette helsar eg velkommen. Visningssenteret har svært mykje å seie for kommunen. Her har vi lokalt engasjement der lokale tradisjonar blir vidareutvikla på ein spennande måte. Det er flott at lokale eldsjeler skapar så mykje positivt som er forankra i lokal historie. Vi blir sett på kartet, seier ordførar Marit A. Aase.
20 år sidan han slutta som bonde
Hovudpersonen sjølv, Johannes M. Tysse, fortel at han slutta som bonde for 20 år sidan og hadde mange idear på teiknebrettet.
– For 13 år sidan kom Terje Inderhaug (prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune) inn i stova mi og spurte om eg kunne konstruere ei tønne, og eg var galen nok til å satse på tønneproduksjon. Småtønner vart nytta til oppbevaring av mat og drikke like tilbake til vikingtida. På 1930-talet gjekk småtønnene ut av bruk, og det kom andre måtar å oppbevare mat og drikke på. Her i Tysse vart det like til 1950-talet bygd tønner frå 16 til 120 liter. Til no har eg brukt åtte millionar kroner på å utvikle konseptet og lage maskinar. Maskinane her er spesiallaga, og det finst ikkje maken andre stader i verda, seier Tysse som i dag er den einaste som lagar småtønner frå ein halv liter og opp til 10 liter.

På garden har Johannes M. Tysse bygd opp eit visningssenter som i seks steg viser economuseékonseptet: Bøkkarhistoria og handverkarane, produksjon av småtønner, historia bak ulike tønner, moderne design og tilpassing av tønner til dagens forbrukar, dokumentasjonssenter og ein butikk der dei ulike tønneprodukta er til sals.
Heider og ære
Johannes M. Tysse er heidra for å ha tatt opp att tradisjonen med bøkring, det å lage småtønner og utvikle den til moderne produksjon. I 1999 fekk han heiderleg omtale i samband med oppfinnarprisen til Hordaland fylkeskommune og i 2001 fekk han bygdeutviklingsprisen i Hordaland.
Det 3. economuseé i Noreg
Fjordtønna er det 3. Economuseé i Noreg. Det første var opna i Aurland i juli 2009, Aurlandsskoen, det andre i Os, Oselvaren i desember 2009. Totalt finst det no 55 Economuseé i Canada og Nord-Europa. Economuseé er småskalaproduksjon av varer i eit verkstadsmiljø som fokuserer på bevaring og vidareføring av handlingsbåren kunnskap og kulturhandverk. Economuseé skal skape lokale arbeidsplassar, fremje kulturhandtverkarar og det immaterielle kulturminnevernet. På Economuseé skal handverkarar gje besøkande informasjon om tradisjonar, teknikkar og produksjonsprosessar og gje ei god oppleving og kunnskapsreise. I tillegg til produkt for sal skal alle Economuseé drive med formidling: ha utstilling med historiske produkt, ha døme på produkt frå dagens produksjon og ha tilgjengelig arkivmaterial og bøker om faget.

Johannes M. Tysse fortel at han brukar om lag 50 arbeidsoperasjonar på å lage ferdig ei tønne.
500 tilsette og 900.000 besøkande
Economuseékonseptet vart starta i Canada for meir enn 20 år sidan. I 2009 hadde verksemdene i economuseé nettverket om lag 500 tilsette, omsette for om lag 250 millionar kroner og tok i mot meir enn 900.000 besøkande.
Nettverk i Europa og Canada
Hordaland fylkeskommune ved Kultur- og Idrettsavdelinga har teke initiativ til å vidareføre konseptet og bygge eit nettverk av economuseé saman med regionale mynde på Grønland, Aust-Canada, Island, Færøyane, Irland og Nord-Irland. Frå 2011 blir og Sverige v/Jamtlandsregionen med i prosjektet, som skal skape til saman meir enn 40 nye economuseé i Nord-Europa fram til år 2013.

I butikken på visningssenteret er dei ulike produkta stilt ut.
Nye arbeidsplassar
Det er skapt 15 nye arbeidsplassar i dei economuseé som er etablerte i Nord-Europa-prosjektet per september 2010. Det er venta endå 21 nye arbeidsplassar i dei nye economuseé som blir skapt innan utgongen av mars 2011.
Economuseé in Northern Europe er eit prosjekt som er godkjent og finansiert frå EU sitt Interreg NPP-Nordleg Periferi Program, frå NORA-Nordisk Atlantsamarbeide, samt frå regionale og lokale mynde i alle landa.

Johannes M. Tysse orienterer fylkesmann Lars Sponheim om tønneproduksjonen.