Vil ha meir pengar til vedlikehald av fylkesvegane

– Det er flott at staten aukar løyvingane til vedlikehald av riksvegane. No ventar eg staten også tilsvarande vil setja fylkeskommunane i stand til å ivareta vårt vegnett, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i talen då ho opna Hordaland fylkesting ty

– All honnør til regjeringa for den auka satsinga på rassikring, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.Auke på 60 prosent
Fylkesordføraren har merka seg at staten aukar løyvingane til vedlikehald av riksvegane med 580 mill. kr til 1,55 milliardar kroner i 2011. Dette er ein auke på 60 prosent. Løyvingane til drift av riksvegane er samstundes auka med 200 millionar kroner til 1,9 milliardar kroner.

Høgare kostnadsnivå
– Den store auken i vedlikehaldsløyvinga er mellom anna grunngjeven med at kostnadsnivået for nye driftskontraktar i 2010 låg svært mykje høgare enn nivået i kontraktane frå 2005 som vart avløyste, sa fylkesordføraren og viste til framlegget til statsbudsjettet der det går fram at det må løyvast 250 millionar kroner ekstra for å vidareføre standarden frå i år.

Auka satsing
– Vi ser ein tilsvarande tendens til prisauke på kontraktane som vedkjem fylkesvegane her i fylket og som Statens vegvesen som sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegar inngår på våre vegner. Vegdirektøren har uttalt at den auka ramma til vedlikehald vil gjera det mogleg å auka satsinga på alle område, men med særleg vekt på vedlikehald av bruer, tunnelar og vegdekke, sa fylkesordføraren og ventar at også fylkeskommunen får auka ramme til vegvedlikehald.

Kutt i løyvinga
– For Hordaland fylkeskommunen sin del fører kostnadsauken i driftskontraktar til at vi alt i 2011 må kutta i løyvinga både til dekkelegging og bruvedlikehald og i tillegg har stort udekka behov for tunnelutbetringar. Det er flott at staten aukar løyvingane til vedlikehald av riksvegane, både for å fanga opp kostnadsauke og heva kvaliteten i vedlikehaldet. No ventar eg staten også tilsvarande vil setja fylkeskommunane i stand til å ivareta vårt vegnett, sa fylkesordføraren.

Meir til rassikring
Dei auka løyvingane til rassikring er fylkesordføraren glad for ho.
– Løyvinga til rassikring er i statsbudsjettet for 2011 auka til 1 050 millionar kroner, som er 200 millionar kroner meir enn i år. Rassikringsmidlane vert fordelte 50/50 mellom riksvegar og fylkesvegar, i tråd med det som er sagt tidlegare. All honnør til regjeringa for den auka satsinga på rassikring. Det er også sagt at fordelinga av midlane skal følgja den vedtekne handlingsplanen for rassikring. For 2011 vil det seia løyving til to fylkesvegprosjekt i Hordaland og ein sum til mindre tiltak, i alt ca. 60 millionar kroner.

Mindre til riksvegar
Løyvingane til riksvegprosjekt i Hordaland i 2011 er lågare enn opplegget i Nasjonal transportplan. Dette forklarer fylkesordføraren med manglande planavklåring og utsetjing av prosjekt.

Vossapakko
– Til dei to store riksvegprosjekta som er i gang i Hordaland, Hardangerbrua og Vossapakko, skal det brukast 560 millionar kroner neste år. Av dette er heile summen til brua, 380 millionar kroner, bompengemidlar. Til Vossapakko skal det brukast 125 millionar kroner i bompengemidlar og 55 millionar kroner i statsmidlar. Til E39 over Stord får vi 50 millionar kroner i riksvegmidlar og det vert brukt 20 millionar kroner frå bompengar. 30 millionar kroner er sett av til å starta utbygginga av E39 frå Vågsbotn mot Hylkje, Eikåstunnelen, på haustparten neste år. Like eins er det sett riksvegmidlar til planlegginga av E39 Svegatjørn-Rådal, med sikte på anleggsstart i 2012. Det er også sett av midlar til mindre prosjekt på Rv. 13 i Odda og E16 ved Skulestadmo, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i opningstalen til fylkestinget.

Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting på Hotel Norge i Bergen tysdag 12. oktober 2010

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting på Hotel Norge i Bergen tysdag 12. oktober 2010

Bjarte Brask Eriksen 12.10.2010 14:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart