Vil ha ferjefri E39 i 2025

Dei fire fylkesordførarane på vestlandet møtte i dag yrkessjåførar og bilistar på ferjekaien i Mortavika i Rogaland for å markera at dei no vil legga press på regjeringa for å få til ein ferjefri kyststamveg mellom Stavanger og Trondheim. Markeringa var m


Samde om ferjefri E39 i 2025: Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet delte ut t-skjorter til yrkessjåførar i ferjekø på Mortavika ferjekai: F.v Olav Bratland (Møre og Romsdal), Torill S. Nyborg (Hordaland), Nils R Sandal (Sogn og fjordane), og Tom Tvedt (Rogaland) (Foto: Terese Haaland, Rogaland fylkeskommune).

- Dette er ein ny offensiv frå eit samla vestland. Analyser viser at ein ferjefri kyststamveg i aller høgast grad er realiserbar. No må regjeringa investera i infrastruktur, seier leiar for Vestlandsrådet Olav Bratland.

For å forklara låner Bratland NHH-professor Viktor Norman sitt eksempel:
- Dersom ein ferjefri kyststamveg aukar produktiviteten i regionen med 2,5 prosent årleg, utgjer det ein auke i den årlege verdiskapinga på fem milliardar. Ein slik gevinst forsvarar store investeringar i infrastukutur. Ein ferjefri kyststamveg vil bli ein bærebjelke for nasjonal og regional økonomisk utvikling, seier Bratland.

Planane er klare

Handlingsprogrammet til Vestlandsrådet sin eige Transportplan for Vestlandet tek sikte på å ha fullført ein ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim innan 2025. Drahjelp frå staten i finansieringa av dei mange delprosjekta vert avgjerande.

- Staten må mellom anna gjennom rolla som byggherre legga til rette for store entrepriser slik at vi kan få inn ny anleggskapasitet frå utlandet. Det vil hjelpa oss til å unngå press på norsk økonomi og sikra ein offensiv utbyggingsstrategi, seier Bratland.

Resultat

Leiaren for Vestlandsrådet ser nytten av å samla all regionalpolitisk kraft på Vestlandet i eit Vestlandsråd og viser til gode resultat frå forrige NTP-runde:
- I tillegg til å få Rogfast inn i planen, starta samferdsleministeren konseptvalutreiingar for fleire viktige delstrekkjer langs kyststamvegen. Samstundes fekk Statens vegvesen i oppdrag å sjå på nye tekniske løysingar for vanskelege fjordkryssingar. Eit samla politisk press frå vestlandet gav resultat då, og eg har like høge forventningar om gode resultat denne gongen, seier Bratland.

Viktig akse

Ferjefri E39 er ei av dei viktigaste sakene på programmet til Vestlandsrådet. E39 går gjennom fem av dei største byane i landet, og vedkjem nærare 1,7 millionar nordmenn. Ein ferjefri E39 vil skapa regional integrasjon og grobotn for vekst i ein utvida arbeidsmarknad.

- Norge og Vestlandet har eit av dei mest krevjande utgangspunkta i verda for å bygga veg og infrastruktur. Nyleg presenterte Statens vegvesen ei løysing for bru over Sognefjorden. Det viser at alt er mogeleg, noko som gjer Norge og Vestlandet verdsleiande på området – og vi må vera verdsleiande skal vi framleis kunna bu i dette landet, seier Bratland.

Ny vind i segla

Vestlandsrådet vedtok i februar ein ny plattform av prioriterte politiske utfordringar som rådet skal arbeida vidare med. Plattformen byggjer på ein ny samarbeidsavtale mellom dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordan og Møre og Romsdal. Plattformen og avtalen er forankra i dei respektive fylkestinga.

- Vi har fått ny vind i segla, og har tru på at eit samarbeid vil styrka og gje ein meir tydeleg stemme frå Vestlandet, både i nasjonal og internasjonal politikk, seier Bratland.

Satsingsområda for Vestlandsrådet er: internasjonalt arbeid, samferdsel, innovasjon og næringsutvikling, kystressursforvaltning – marin og maritim verdiskaping, energi, miljø og klima og kultur.

For meir informasjon:
Olav Bratland, fylkesordførar i Møre og Romsdal, 913 85 776

Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordland, 915 22 733

Liv Strømme 04.10.2010 14:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart