Fylkesutvalet ser eit stort potensial for utskifting av ferjeflåten i fylket. I arbeidet med dette må det leggjast til grunn både eit miljø- og næringsmessig perspektiv. På dette grunnlag har fylkesutvalet vedteke å setja i gang arbeid med eit forprosjekt for utvikling av alternativ drivstoffteknologi inklusiv batteridrift i ferjedrifta.

Hordaland har ein ferjeflåte med mange gamle ferjer, som "Etne" som går i sambandet over Fensfjorden. Fylkesutvalet ynskjer snarast mogleg overgang til meir miljøvenleg drivstoff og helst også utskifting av eldre ferjer.
Fylkesutvalet ber om at forprosjektet vert sett i samanheng med den utviklingskontrakten som Samferdselsdepartementet lyser ut i sambandet Lavik-Oppedal.
Ynskjer miljøvenleg drivstoff snarast
Fylkeskommunen har ansvaret for drift av heile 17 ferjestrekningar i Hordaland. Mange ferjesamband vert drifta med gamle og tilårskomne ferjer med konvensjonelle dieselmaskiner. For dei fleste sambanda er det også tildelt kontraktar som gjeld i mange år framover.
Fylkesutvalet ynskjer overgang til ny miljøvenleg teknologi snarast. Fylkesutvalet ber derfor om at det vert vurdert om det er mogeleg å ta i bruk t.d. batteridrift i eksisterande kontraktar på ferjer i Hordaland for å stø opp om utviklinga av alternativ drivstoffteknologi.
Pilotprosjekt
Fylkesutvalet ber og om at det vert vurdert om det er mogleg å få stønad til ein utviklingskonktrakt gjennom Transnova, Nox-fondet og andre.
Fylkesutvalet ser at eit pilotprosjekt med batteriteknologi kan vera særleg aktuelt for rask realisering i Hordaland.
Målet er å få avklåring/oppstart av eit pilotprosjekt i løpet av 2011.
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 27. oktober 2010 (pdf-fil)