Presenterte byplanlegging på stor internasjonal konferanse i Kina

Representantar frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune presenterte norsk byplanlegging på ein stor internasjonal plankonferanse i Kina. Framståande representantar for styresmaktene i Kina fronta konferansen.

På plankonferansen i Kina: Plansjef Mette Svanes – Bergen kommune (f.v.), regionaldirektør Jan Per Styve og plansjef Marit Rødseth – Hordaland fylkeskommune.
På plankonferansen i Kina: Plansjef Mette Svanes – Bergen kommune (f.v.), regionaldirektør Jan Per Styve og plansjef Marit Rødseth – Hordaland fylkeskommune.

Invitasjon frå Kina
Styresmaktene i Kina inviterte i vår representantar frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune til å forelese ved China Binahi Tianjin International Eco-City Forum , ein stor plankonferanse i Kina.  Kontakten  vart formidla via Hordaland fylkeskommune sitt nettverk i samarbeidsbyen Cardiff. Ein svært så raus og gjestfri arrangør, ei imponerande organisering  og eit lærerikt program - gav ei erfaring og oppleving som kjem til å bli hugsa lenge for regionaldirektør Jan Per Styve og plansjef Marit Rødseth frå Hordaland fylkeskommune og plansjef Mette Svanes frå Bergen kommune.  Ingen andre frå Noreg deltok. Alle tre hadde foredrag på konferansen om norske modellar og erfaring frå berekraftig byplanlegging og byutvikling. Framståande representantar for styresmaktene i Kina fronta konferansen.

Den nye byen: Sino Singapore Tianjin Eco City - bilete frå masterplanen.
Den nye byen: Sino Singapore Tianjin Eco City - bilete frå masterplanen.

Sina –Singapore Eco City : Ny ”bydel” til 1500 milliardar kroner
Tianjin – byregionen der konferansen var lokalisert -  ligg  120 kilometer aust for Beijing. Området er  eitt av tre større satsingsområde i Kina og er direkte styrt frå sentralregjeringa. I Binhai New Area  blir det no  investert for  1 500 milliardar kroner,  eit tal som vantar sidestykke sannsynlegvis også internasjonalt.    Eit delprosjekt er at ein heilt ny bydel, Sino-Singapore Tianjin Eco City  skal byggjast etter  berekraftige prinsipp slik dei er skissert av UNESCO.  350 000 innbyggjarar skal husast  innan eit område på 30 kvm.   Prosjektet fekk startsignal frå regjeringa for to år sidan og vil  stå ferdig om ti år.  Men alt no er vegar, parkar, bustadblokker,  offentlege bygg  og mykje anna på plass og klart for bruk.  Etter planen skal 90% av all transport i den nye byen vere ”grøn transport”, dvs. sykkel, el-bil eller offentleg kollektivtransport.

Frå opninga av konferansen – regionaldirektør Jan Per Styve nr. 2 frå venstre.
Frå opninga av konferansen – regionaldirektør Jan Per Styve nr. 2 frå venstre.

Globalt utstillingsvindu
Konferansen markerte ein milepel i utviklinga av bydelen og inneheld fleire ulike fagseminar, utstillingar, offisielle middagar, synfaringar og plenumssamlingar.  På opningssamlinga fekk ideane og målsetjingane stor plass og blei fanga opp av fjernsynskamera og journalistar .  Kina legg stor prestisje i eco-city-prosjektet som  skal vera ein modell for andre liknande utbyggingsområde i heile landet og internasjonalt. Byen skal vera  regjeringa sitt utstillingsvindu.  Denne økobyen er dessutan eit unikt samarbeid med Singapore,   og er det første i sitt slag i verda. Konferansen formulerte ei oppmoding om å adoptera eit manifest for vidareutvikling av berekraftige byar med fylgjande motto: Ecological cities, our common future. I tillegg blei ei  seks punkts programerklæring om utvikling av eco-cities applaudert.

Typiske bustader i nye bustadområde i Beijing/Tianjin-området.
Typiske bustader i nye bustadområde i Beijing/Tianjin-området.

Felles problemstillingar
Når Kina bygger ein demonstrasjonsby for berekraftige og klimavennlege løysingar, er det interessant å sjå at vi ser dei same utfordringane globalt, - det handlar om meir miljøvennleg transport, redusert energiforbruk, nye avfallsløysingar og fokus på vatn og omgivingar. Men like interessant er det å oppleve at utfordringane vert møtt på ulikt vis. Kina legg stor vekt på framtidsretta tekniske løysingar og bidreg sterkt til utvikling av ny teknologi som kan gje reduserte CO2-utslipp. Denne teknologien vert viktig for heile verda. Men i eit byplanperspektiv er det stor skilnad mellom Kina og Europa. Vår visjon for framtidas byer er gode og tette lokalsentre prega av mangfald og gangavstand til arbeidsplassar, handel og service. Felles utearealer, gode byrom, aktive gater og menneskeleg skala er vektlagd. Planane for Tianjin syner ein annleis skala. Bustadblokkene har 25 etasjar, gatene har 6 felt for bilar, arkitekturen er einsarta og avstanden til sentrum synest lang. Grøntområda er likevel høgt verdsett og vakkert utforma, og målsettinga om at alle skal ha mindre enn 500 m til ein park er imponerande.

Frå Den forbudte By i Beijing.
Frå Den forbudte By i Beijing.

Kina i forandring og vekst – med ambisjonar og handlekraft
Kina er i vekst – og i forandring. Første kvartal i år hadde landet ein økonomisk vekst på 11,9%. Det føregår massiv utbygging av infrastruktur og nye bustadområde – dimensjonert for framtida og i ein skala som langt overgår våre vanlege målestokkar. Ei  voldsam folkeforflytting inn mot byane skapar store utfordringar m.o.t. byplanlegging og bustadbygging.  Styringssystemet i Kina gir openbart stor handlekraft. Når avgjerd er tatt er det kort veg til gjennomføring.  På mange område er det eksempel på raske politiske avgjerder for å styre utviklinga, til dømes avgrensningar på lånefinansiering for dei som vil investere i fleire bustader for å spekulere. 1-barnspolitikken er eit anna døme på politisk ”avferdsstyring”. Det er likevel ei viss uro for dei langsiktige effektane av denne, og teikn til litt oppmjuking. Til dømes får to einebarn som giftar seg rett til å ha to barn. Interessant er det også at minoritetsgruppene i landet får ha fleire barn. - Med 1,33 milliardar menneskjer og tung satsing på modernisering, teknologiutvikling og infrastruktur – er det ingen tvil om at Kina vil spele ei stadig viktigare rolle i verda. Turen til Beijing og Tianjin var både ei stor oppleving og gav nyttig påfyll av ny kunnskap og andre referanserammer, slår Mette Svanes, Marit Rødseth og Jan Per Styve fast.

Masterplan for  Sino Singapore Tianjin Eco City (pdf)

Regjeringa sitt vedtak om å starte arbeidet

Besøk på den kinesiske mur ved Mutianyn.
Besøk på den kinesiske mur ved Mutianyn. 

15.10.2010 16:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart