
Go'preiken. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen tar hjarteleg i mot info frå elevrådsmedlem Anders Tertnes på Osterøy. Scena er kompetansesenteret, som skulen vonar skal opne for ei landsline innan CNC og robotar.
Vi har vore på tokt i Osterøy stordrosje frå Radisson Blu på Torgalmenningen til nyeskulen på Lonevåg. Undervegs sørga ostringane, leia av rektor Aud Søilen, for ei brei oppdatering om tilhøva og utviklingstendensar på Nordens største innlandsøy, i kring 7 500 innbyggjarar. Det vart fullt køyr på mikrofonen heile turen.
Ostringane satsar på metall og lukkast med det. – Det er teknologi og automatisering som aukar mest i omsetnad og skapar sysselsetjing, sa Lars Mjøs frå Industrilaget og ein av pådrivarane for å få kunnskapsministeren på vitjing.

Klar til avgang. Kunnskapsministeren er komen på plass i Osterøy stordrosje.
- Det vi ynskjer oss aller mest, er ei landsline for CNC og robotar. Vi har 10 nye CNC-maskiner og robotar på plass i Kompetansesenteret på skulen. Målet er 15, sa Leif Tore Solberg, leiar for Jakta metall.
99 prosent av lærlingane på plass
Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld fekk også sjansen, og hadde gode nyheiter til kunnskapsministeren.- Eg har heilt ferske tal som syner at 99 prosent av lærlingane er formidla denne hausten, fortalte han. Stort betre kan det jo ikkje bli.
- Det som bekymrar meg, er dei rundt 20-21 år som har droppa ut av skuleløpet og som må vente til dei er 25 før dei kan kome inn igjen. Det er eit legalt hol som må må fyllast, sa han, og peika også kor viktig det blir å finne dei rette hjelpemidla for elevane.

Det er stort når ostringane får vitjing av sjølvaste kunnskapsministeren, og det skal det også vere. Her er to elevar på fotosession.
- Vi fekk det ikkje til med Reform 94. På den breie fronten må vi nærme oss elevane sin livsverd på eit heilt anna grunnlag og ein langt meir jordnær måte. Læremidla må tilpassast, slik at mateleven finn ein sti, ein dynamisk veg inn til matfatet i norskopplæringa. Det vi tidlegare har opplevd, er at dei generelle veiledningane ikkje har fungert godt nok, sa Fjeld.
Sjarmøretappe
Så steig vi ut, og Kristin Halvorsen fekk reine sjarmøretappen gjennom nybygget i Lonevåg. – Vi treng mange fleire til å velje yrkesfag, sa ho. – Då må vi få betre rådgjeving i ungdomsskulen og sjansen til å gå ut i bedrift i 10.klasse for å se meir praksiss, svarte Anders Tertnes då ho møtte elevrådet.

Det er ikkje vanskeleg å få blide ostringar i tale.
- Kva er ein god lærar? ville kunnskapsministeren gjerne vite. - Ein som får kontakt med elevane, talar deira språk, er rettferdig og kan faget sitt. Og så er det altfor lite nynorsk i skulen, meinte Elin Njåstad, formann i elevrådet. Siste ord fekk Kristin Halvorsen: - Gå ein runde med elevane i 10.klasse. De er dei næraste til å fortelje dei om den vidaregåande skulen, sa ho.

Slik serverer ein ekte robot kake til ein kunnskapsminister
- Ein fin dag, og ein skule som går inn i rekkja av flotte skulebygg i Hordaland, sa ein sers fornøgd Roald Stenseide, leiar i opplærings- og ressursutvalet før ferda gjekk med ministeren til Krokeidesenteret og ein ny start i livet for dei som har falle utanfor og som er på veg tilbake. Det vart fleire sterke vitnemål for ministeren, som fekk innføring i korleis skulen har lukkast med å få menneske som har falle utanfor til å gjennomføre vidaregåande og kome seg ut i arbeid. Og det er ikkje vanskeleg å bli rørt og glad når du treffer vaksne kvinner som har vore lenka til rullestolen i sju år og som bokstaveleg talt no går på vidaregåande skule.
Reportasje i NRK Vestlandsrevyen tysdag 26. oktober 2010