
- Vi visste på førehand at behovet for bussjåførar i fylket er stort. Søknadsbunken dokumenterer at det også er mange som ønskjer seg inn i yrket, seier rådgjevar Stig Aasland ved opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
- Dette er veldig gledeleg. Vi håpar å få sett av midlar til nytt kurs til våren, sier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland fylkeskommune.
Vanskeleg å velja
Opplæringsavdelinga fortel om eit enormt trykk på telefonen heilt sidan den dagen annonsen første gong stod på trykk.
- Det vert ein utruleg vanskeleg jobb å velja ut dei som er best kvalifisert. Høgst sannsynleg er det langt fleire kvalifiserte enn dei 20 – 25 vi har skuleplass til, seier Aasland.
Prekær mangel
For å løysa den prekære mangelen på bussjåførar i fylket kvalifiserte i henhald til EU sine krav, har Hordaland fylkeskommune løyvd to millionar kroner til opplæring. Løyvinga inneber at dei 20 – 25 aktuelle kandidatane i november vil kunna setja seg på skulebenken for ei elleve veker lang opplæring som skal ta dei fram til sertifikat som yrkessjåfør.
Samarbeid med busselskapa
Tilbodet vart oppretta i samarbeid med Tide, Nobina, Modalen Eksingedalen Billag og NAV. Kandidatar som passerer nålauga er sikra jobb hos eitt av selskapa, i det minste dei neste tre åra.
Åsane Trafikkskule skal stå for sjølve gjennomføringa av opplæringstilbodet.
Høg utdanningskostnad
Høge utdanningskostnadar utgjer i dag ein barriere for rekrutteringa av nye bussjåførar. Nye og strengare kompetansekrav til yrkessjåførar inneber at dei som søkjer seg til yrket må betala 80.000 – 100.000 kroner for å verta sertifiserte. Kostnadsnivået gjer at også busselskapa kvir seg for å finansiere utdanninga til framtidig arbeidskraft. Utdanninga kvalifiserer ikkje til studielån.