Bak Plankonferansen 2010 står Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland med bistand frå Husbanken.
Klimaplanen vil stå sentralt på konferansen. Areal- og transportplanlegging og bustadspørsmål er sentrale tema i planen. Korleis skal kommunane nytta føringane i planen til å skapa klimavenlege lokalsamfunn der publikum vil ønskja å busetja seg? Er klimaplanen eit varsel om at arealavsetjing til einebustadar vil vera unnataket i morgondagens kommuneplanlegging? Treng ein klimavenleg bustadpolitikk innebera at vi no må gravleggja draumen om einebustad med raus golvflate?
Sentraliseringa aksellererer, samstundes er Regjeringa tydeleg på at vi skal ta heile landet i bruk. I byar og tettebygde strok spreier bustadfelta seg over stadig større areal. Andre kommunar slit med fråflytting. Kvar og ein av oss har fått dobla bustadarealet vårt dei siste 20 åra. Samstundes står bustadane for 40 prosent av den samla energibruken i Norge. Energieffektivisering og lavenergibustadar byrjar vinna innpass, men er det nok?
Variasjon i bustadmassen
- Attraktive, klimavenlege lokalsamfunn må også ha tilbod om små, rimelege husvære, tilpassa både ungdom og eldre. Kva praktiske utslag klimaplanen vil få her, er det for tidleg å seia noko om, seier plansjef Marit Rødseth i Hordaland fylkeskommune.
Omsynet til klimaet krev at vi må bu tettare, slik at vi kan redusera transportbehovet og CO2-utsleppa, vert det hevda.
- Erfaringane viser at fritidsreiser også påverkar transportbehovet. Folk tek gjerne bussen til jobben, men istaden køyrer dei eigen bil til fritidsaktivitetar utanfor bykjernen. Det samla transportbehovet er det som er interessant i klimasamanhang. Gode nærmiljø og idretts- og friluftsanlegg i gå- eller sykleavstand er viktig i klimavenleg planlegging. Samordna areal- og transportforvalting er eit av dei viktigaste tiltaka i klimaplanen, sier Rødseth.
Vekstkommunen Eidfjord
- To prosent folkeauke årleg! Kven skulle ha trudd at Eidfjord kunne snu den mangeårige utflyttarstraumen! Ordførar Andved Johan Tveit er strålande nøgd med kommunen sitt utbyte av Flytt til Hardanger-prosjektet. Det har han tenkt å fortelja deltakarane på Plankonferansen meir om.
- Tilbod om bustad er det viktigaste, skal du overtala utanforståande til å flytta hit. Skal Eidfjord oppretthalda den positive utviklinga, må vi byggja eit titals nye hus årleg, seier ordføraren.
Ikkje noko einkel oppgåve i ein kommune med mange kulturminne og store restriksjonar på arealbruk.
- Kommunen slit med å få godkjend nye reguleringsplanar. I kjølvatnet av kraftlinjedebatten er det freistande å påstå at det er vanskelegare å få gjennomslag for små, lokale tiltak enn for dei store inngrepa, seier Tveit.
Eit titals gamle, fråflytta hus har så langt fått lys i vindaugo året rundt takka vere tilskotsordning og rentefrie lån til naudsynt oppgradering. No byrjar utbodet av fråflytta bustadar verta oppbrukt, og mange av dei urbane tilflyttarane frå Berlin og Amsterdam vil helst bu slik at dei slepp sjå til naboen:
- Vi ser at eit variert bustadtilbod er naudsynt. Vi har og opning for spreidd nybygging utan krav om reguleringsplan, seier ordføraren i vekstkommunen Eidfjord.
Sveio – midt i leio
- Kommuneplanen er eit verktøy for å få til attraktive lokalsamfunn med utgangspunkt i dei kvalitetane vi har, seier ordførar Jorunn Skåden i Sveio kommune. Ho er ein av dei som skal ha innlegg om kommunen som bustadplanleggjar på konferansen.
”I naturen, nær byen”. Slik freistar sunnhordlandskommunen å overtyda ungdom om at dei bør flytta heim att etter endt utdanning. Sentralt plassert i høve E39, R47 og E134 har innbyggjarane arbeidsmarknadane både i Haugesund og Leirvik-området mindre enn ein halv times køyretur unna.
- Mange unge vel å følja oppfordringa om å flytta heim. Babyane nærast trillar inn, konstaterer ordføraren. Innbyggjartalet passerte akkurat 5.050 – 50 fleire enn ved årskiftet.
For å sikra dei nye innbyggjarane tak over hovudet, har kommunen valt å verta vertskommune for bustadprosjektet Green Living. Det Husbankfinansiert prosjektet har 13 husvære med to – tre rom, og er meint å vera eit rimeleg og miljøvenleg alternativ for førstegongsetablerarar. Lavenergibustadane med ein prislapp på inntil 1,72 millionar vert attpåtil levert med elbil. Og kommunen føl opp med å montera åtte ladepunkt.
- I landbruket legg vi opp til å samla bruka i store einingar. Sveio er dessutan einaste kommunen i landet med offentleg eigd golfbane, sier Skåden.
To praktiske eksempel
Eidfjord og Sveio er berre to av eksempla som vil verta framheva på Plankonferansen 2010. Konferansen er aktuell for lokalpolitikarar, media, utbyggjarselskap så vel som kommunale planleggjarar.
Les meir om Plankonferansen 2010.
For meir informasjon, kontakt plansjef Marit Rødseth, tlf. 48138493