
Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld i Hordaland hadde ingenting mot at kunnskapsminister Kristin Halvorsen framheva Hordland som eit mønsterfylke når det gjeld tiltak mot fråfall i den vidaregåande skulen.
Dette kom fram under konferansen ”Rett kompetanse” i Bergen. Kunnskapsministeren er svært nøgd med at Hordland fylkeskommune har klart å redusera fråfallet i vidaregåande skule med ni prosent siste året. Ho framheva også innsatsen fagopplæringsavdelinga i fylket gjer for å skaffa læreplassar eller tilsvarande tilbod til alle som ønskjer det.
Konferansen hadde som mål å styrka samarbeidet mellom skule og næringsliv, og var eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, NHO og LO.
Meir praksis
- Vi må ikkje sleppa dei mellom 16 og 19. Fullført vidaregåande skule er avgjerande for korleis det skal gå med vedkomande seinare i livet. Undersøkingar viser at av dei som berre har grunnskule, endar ein av fire opp som uføretrygda i ung alder. Tilsvarande tal for dei som fullfører vidaregåande er ein av ti. Her finn vi nøkkelen til både sjukefråvær og sjukepengar, sa kunnskapsministeren.
Mange unge får ikkje utnytta potensialet sitt i skulen. Dei møter for lave forventningar og manglar tru på seg sjølv. Ungdomskulen ropar varsel om at ungdomen må få lov til å jobba meir praktisk.
For mange vert tilbod om læreplass avgjerande. For å få dette til er det naudsynt å få til eit tett og godt samarbeid mellom skule, fylkeskommunen og næringslivet.
Godt førebudde
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg framheva det gode samarbeidet som har vakse fram mellom skule og næringsliv siste åra. Både Kvinnherad og Osterøy vidaregåande skular er døme på kva som går an å få til for å føreby elevane på kva krav dei vil møta ute i arbeidslivet.
Auka status
- Vi må å auka prestisjen og statusen til yrkesfaga. Her vil det verta stor mangel på kvalifisert personell i åra framover. No er det svenskar og polakkar som hjelper oss å halda hjula i gong, men kva skal vi gjera når dei flyttar heimatt, spurte Halvorsen.
- Mange bransjar opplever alt store rekrutteringsutfordringar. Ein av fem verksemder opplyser at dei har måtta utsetja eller avlysa oppdrag grunna mangel på rett kompetanse, sa Are Turmo, direktør for kompetanse i NHO.
NHO-toppen tok til orde for å viska ut skiljet mellom skule og arbeidsplass på alle nivå, slik at nyutdanna i større grad kan gå rett ut i jobbar i næringslivet.
- Norsk fagopplæring er gjennomgåande svært god. Det er likevel naudsynt å gjera matematikkfaget meir yrkesretta, sa Are Turmo, direktør for kompetanse i NHO.
Ny Giv
Kunnskapsministeren nytta talen sin til å presentera ”Ny Giv i vidaregåande opplæring”, ei satsing for at flest mogeleg unge skal lukkast i skulen. Dei einskilde elevane skal følgjast tettare opp. Fag- og yrkesopplæringa skal verta meir relevant og praksisnær. Retten til læreplass skal utvidast, og tilskottet til læreverksemdene skal aukast.
Samstundes er det viktig å ikkje gløyma dei teoretiske faga. Kunnskapsministeren ser at det kan vera ei utfordring for univesitetsutdanna lærarar å yrkesretta fag som matematikk og norsk. Ho er likevel oppteken av at teorien vert betre tilpassa behovet elevane vil møta når dei kjem ut i arbeid som rørleggjar, blikkenslagar og liknande.
For å gjennomføra tiltaka i Ny Giv har Regjeringa føreslege å setja av 175 millionar kroner i statsbudsjettet for 2011.
Undervisning i industrien
Reidar Gjesdal ved Bergen maritime skule presenterte eit konkret døme på korleis prosjekt til fordjuping kan bidra til å flytta undervisninga ut i industrien. Gjennom ordninga får elevane i produksjonsfaget tilbod om fleire vekers undervisning ute hos leiane maritime- og offshorerretta verksemder i Bergensområdet kvart år. I løpet av skuleåret får kvar elev høve til å oppleva tre verksemder frå innsida. Utplasseringa skjer i ei verksemd dei kjenner litt til frå før. Elevane får høve til å konsentrera seg om noko konkret, og dei får opplæring på topp moderne utstyr.
- Skulen klarar aldri tilby same utstyret som det elevane får sjå ute i industrien, konstaterte Gjesdal.
Ina Bøe Johansen har gått i lære i sveisefaget hos Frank Mohn Fusa og har no fått jobb same staden. Ho har berre lovord om måten Bergen maritime la opp til og
gjennomførte prosjekt til fordjuping ute i industrien.